Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Uskedalen

Uskedalen Båtlag

  •  /  km From You
Overview

I Uskedalen finn du ei av dei beste båthamnene i landet.

Båthamna ligg godt skjerma for vinden både frå sør, nord og aust. Moloen tek normalt av for vestavinden.

Vaskerom
Hamna har 107 båtplassar og 15-20 av dei står til disposisjon for gjester utanfrå, også i ferietida om sommaren.
Prisen for leige av plass i eit døgn er 100 kroner og i tillegg kjem 50 kroner hvis ein også vil ha straum.

Uskedalen har eit framifrå tilbod med omsyn til båthamnar. Ved sida av Uskedal Båtlag si hamn ligg Øyro Marina (til høgre på biletet). Vertshuset og SPAR oppe til venstre og Rabben Feriesenter oppe til høgre.
Båtlaget har eige hus der det er tilgong til dusj, vaskerom med tørketrommel og toalettar.
Det er utplassert boss-containar i hamneområdet.
Trådlaust internett.

Ved kaia ligg også vertshuset Systrene Nilsen som opnar i påska
og har ope i sommarssongen.

Det er ei fin badestrand 200 meter unna. I samme område ligg skulen
med mange leikeapparat og grusbane.

Diesel kan kjøpast døgnet rundt frå kortpumpe.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Click to activate
Kvinnherad, Norway
The latitude and longitude
59° 55' 54" N / 5° 51' 23" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad