Utkikkspunkt | Sognefjellet




Ved Sognefjellshytta kan du få eit mektig inntrykk av Jotunheimen nasjonalpark ved å vandre over ei ei spektakulær gangbru opp til eit utkikkspunkt med sikteskive.
Ei spektakulær gangbru og eit nytt utkikkspunkt ved Sognefjellshytta gjer det enklare for folk flest å få eit mektig inntrykk av Jotunheimen nasjonalpark.
Du kan gå ein rundtur på om lag ein kilometer rundt vestre del av Fantesteinvatnet. Her er det mellom anna bygd ei 52 meter lang og 2 cm tjukk strekkbandbru over Fantesteinsvatnet. Både gangbane, bru og stig over til sørsida av vatnet har universell utforming, og vidare er det tilrettelagt med planert og grusa gangstig for at alle skal kunne ta seg fram. Avstikkaren opp til utsikten er vanleg turstig utan særleg tilrettelegging.
Sikteskive:
På det høgaste punktet på vandringa kan du nyte flott utsikt mot store fjellmassiv som Hurrungane, Smørstabbtindane og Fannaråken - og bruke sikteskiva til å sikte deg inn på dei kringliggande toppane - og sjå namnet på dei.
Fakta om "Utkikkspunkt Sognefjellet":
Utkikkspunktet vart offisielt opna 20. august 2018 av statssekretær Atle Hamar frå Klima- og miljødepartementet.
Sognefjellshytta er etablert som den mest omfattande innfallsporten til ein nasjonalpark, som ledd i arbeidet med merkevara "Norges nasjonalparker". Utkikkspunkt Sognefjellet gir utsyn over Jotunheimen nasjonalpark.
Dronninga Landskap er landskapsarkitektar for utkikkspunktet og turvegen. Jensen & Skodvin er arkitekt for Nasjonale Turistveger sitt bygg ved Sognefjellshytta. Gangbru og bordgangar er utforma i samarbeid med bruingeniør Florian Kosche.
Stryvo AS frå Stryn har vore hovudentrepenør og ansvarleg for bru og andre stålkonstrukjonar. Ottadalen Anlegg frå Vågå har utført terrengarbeida.
Kilde: Visit Jotunheimen AS
Utkikkspunkt | Sognefjellet