Utladalen Naturhus


Utladalen Naturhus ligg under Skåri ved Hjelle, eit gamalt gardsbruk i Utladalen som var i drift fram til på 1970-talet.
Utladalen Naturhus slik det er i dag opna i mai 1998, og blir drive av Stiftinga Utladalen Naturhus. Føremålet er å gje informasjon om natur- og kulturhistoria i Utladalen og Vest-Jotunheimen - og ei utstilling er tilgjengeleg for publikum i eine huset.
Naturhuset sine tilsette driv også ein populær sommarkafe frå 20. juni til 20. august kvart år.
Frå Utladalen Naturhus kan ein leiga guide - anten til ein tur gjennom utstillinga, til ein rundtur i området eller til ein tur opp vidgjetne og luftige Avdalsskåri opp til Avdalen Gard. Ta kontakt på telefon +47 959 65 158 for booking av guida tur.
Utladalen ligg innst i Sogn, i Årdal Kommune. Utladalen er dramatisk og vill. Som eit to mil langt øksehogg er dalen Sognefjorden si forlenging inn i Jotunheimen. Rundt dalen ligg det høgastligjande fjellpartiet i Noreg, med mange toppar på over 2000 meter. Her ligg og dei alpine Hurrungane, eit attraktivt område for fjellklatring.
Vettisfossen, med sitt 275 meter høge, frie vassfall, er Nord-Europas høgaste. Mange av dei omlag 30000 besøkande pr. år, har nok som mål å vitja denne fossekongen. Men Utladalen er og ein av europas djupaste dalføre, og bergtek mange besøkande med sin ville og frodige natur. Utladalen er porten til Jotunheimen frå vest.
Kilde: Visit Sognefjord AS
Utladalen Naturhus