Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Sogndal

Utsikten, Gaularfjellet

Utsikten på Gaularfjellet er eit av dei flotte utsiktspunkta på strekninga mellom Balestrand og Førde. Ta deg tid til eit stopp her og berre NYT!

Rasteplassen ligg på toppen av stigninga opp frå Vetlefjorden og har eit storslått utsyn over eit frodig og vakkert landskap der riksveg 13 slynger seg oppover lia. Med fritt utsyn mot fjell på 1500 meter og djupe dalføre ligg utsiktplattforma og balanserer på kanten av fjellet, 700 meter over havet.

Delvis tilgjengeleg for rullestol.

Toalettet er dessverre vinterstengd frå slutten av oktober til byrjinga av mai.

Arkitekt: Code arkitektur

Kilde: Visit Sognefjord AS

0

Utsikten, Gaularfjellet

Sider du nylig har besøkt