Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Dalen

Utstilling med fotografi frå Vest-Telemark av Luca Berti

  • Vest-Telemark Museum, Tokke
  • +47 35069090
  •  /  km From You
Overview

Fotografi frå dagens Vest-Telemark av dansk-italienske Luca Berti - teke i "historisk" stil i svart/kvitt og analogt kamera. Visast i Eidsborg i mai 2016.

Kan hende du har sett han? I to somrar har den italiensk-danske fotografen Luca Berti reist gjennom bygdene i Vest-Telemark. Han har fotografert landskap, plassar og menneske i svart/kvitt storformat med sitt store analoge Linhof-kamera. Resultatet kan du sjå i “haustutstillinga” i Eidsborg - som står til våren 2016.


Bileta er del av eit større prosjekt med tittel “Menneske og natur”. Det byrja i 2012 med utstillingar av fotografi frå øyane Ærø og Læsø i Danmark. I Noreg har Berti bl.a. hatt ei stor utstilling ved Norsk Folkemuseum (“Folk og Natur i Norge”, 2014) og ved Hørte Dampfarveri (“Telemark i det 21. hundreåret”, 2015). Prosjektet omfattar også stader i Sverige, Latvia og Ungarn.


Nå kan du sjå Luca sine bilete frå Vest-Telemark på utstilling i Eidsborg, og i ein vakker fotobok.


Luca Berti er oppteken av det faktum at landsbygda blir utsett for det moderne samfunnet sine radikale verknader: fråflytting, fokus på urbane livsformer og brestar i høve mellom menneske og natur. Kva er det som varer – til tross for omveltingane? Fins det noko som er stabilt, ein kontinuitet som blir oversett?


Berti freistar å finne situasjonar av stor venleik, som hjelpar oss å “gjenoppdage” det me ikkje ser i våre omgjevnader av di vanen sløvar sansane.


Fotoboka med bileta frå utstillinga er å få kjøpt i museumsbutikken. Pris kr. 350,-. Du kan tinge boka ved å ringe 35069090 eller sende ein epost til post@vtm.no.


Museet og utstillinga er i 2016 fram til 30. april opne berre for gruppeomvising (ta kontakt!). I mai er utstillinga open for drop-in-publikum tysdag-fredag kl 10-16, laurdag kl. 11-17 og sundag kl. 11-18. Måndag stengd.


Utstillinga står ut mai. Eit utval av bileta vil likevel vere på utstilling gjennom heile sommarsesongen 2016.


Inngang kr 80,- / 60,- / 40,-


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark
Click to activate
Tokke, Norway
The latitude and longitude
8° 1' 10" N / 59° 27' 58" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad