






Besøk Runde Miljøsenter å sjå ei flott utstilling om sjøfugl, kystøkologi og det eventyrlege skattefunnet – Rundeskatten!
Rundeskatten er eit av dei største myntfunna som har blitt gjort i Europa. Funnet består av om lag 57 000 sølv- og gullmyntar, i alt over 400 ulike mynteiningar.Men kvifor tok det nesten 250 år før den blei tatt funne? Viss du besøkar utstillinga på Runde Miljøsenter får du oppleve heile historia.
Sjå den fantastiske naturdokumentaren «Havets sølv» i kinosalen på Runde Miljøsenter. I filmen får du sjå ei av dei største naturfenomena som skjer i Noreg kvart år. Men korleis påverkar eigentleg livet i havet lundefuglen?
Tareskogane i Noreg gøymer eit mylder av liv, alt frå småfisk til hai! I «Haien i skogen» lærar du om haiane som kjem til kysten av Noreg kvart år. Du får også eit djupdykk i tareskogane som veks på Norskekysten.
Utstillinga kan opplevast privat, eller så kan du få omvising av ein erfaren naturrettleiar. Du vil uansett lære om kystøkologi og få ein nærare titt på sjøfuglane.
Filmvising av «Havets sølv»
Filmvising av «Haien i Skogen» ein film om hai i Noreg
Inngang til Rundeskatten-utstillinga
Guding på Norsk og Engelsk
Accessibility information
Kilde: Ålesund & Sunnmøre