Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
RUNDE

Utstilling på Runde Miljøsenter

Rundeskatten
Utstilling på Runde Miljøsenter
Rundeskatten
Akerendam
Rundeskatten
Rundeskatten
Rundeskatten

Besøk Runde Miljøsenter å sjå ei flott utstilling om sjøfugl, kystøkologi og det eventyrlege skattefunnet – Rundeskatten!

Få ein eksklusiv titt på Rundeskatten

Rundeskatten er eit av dei største myntfunna som har blitt gjort i Europa. Funnet består av om lag 57 000 sølv- og gullmyntar, i alt over 400 ulike mynteiningar.Men kvifor tok det nesten 250 år før den blei tatt funne? Viss du besøkar utstillinga på Runde Miljøsenter får du oppleve heile historia.

Opplev sildegytinga på mørekysten

Sjå den fantastiske naturdokumentaren «Havets sølv» i kinosalen på Runde Miljøsenter. I filmen får du sjå ei av dei største naturfenomena som skjer i Noreg kvart år. Men korleis påverkar eigentleg livet i havet lundefuglen?

Sjå korleis haien i Noreg lever

Tareskogane i Noreg gøymer eit mylder av liv, alt frå småfisk til hai! I «Haien i skogen» lærar du om haiane som kjem til kysten av Noreg kvart år. Du får også eit djupdykk i tareskogane som veks på Norskekysten.

Gå sjølv – Eller få ei omvising

Utstillinga kan opplevast privat, eller så kan du få omvising av ein erfaren naturrettleiar. Du vil uansett lære om kystøkologi og få ein nærare titt på sjøfuglane.

Inkludert i billetten til utstillinga:

Filmvising av «Havets sølv»

Filmvising av «Haien i Skogen» ein film om hai i Noreg

Inngang til Rundeskatten-utstillinga 

Guding på Norsk og Engelsk

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

Utstilling på Runde Miljøsenter

Sider du nylig har besøkt