Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Sognefjorden Solund

Utvær

  • +47 57743000
  •  /  km From You
Overview

Utvær i Solund er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Utvær har både historisk sus og ein natur som fengjer!

Utvær, som ligg 8 km vest for Ytre Sula, er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Staden har både historisk sus og ein natur som fengjer. Utsikta frå fyret er utruleg flott. Når du vandrar på øya kan du sjå tufter etter kapellet som vart flytta i 1718 og merke etter sliping av sverd. Det mest fasinerande er likevel naturen og havet – lengst vest i Norge.

I alle år var fisket hovudnæringsveg på Utvær. Kort veg til fiskefelta gjorde været til eit senter i sesongbasert fiskeri. Det er ingen fastbuande der i dag, men om sommaren er det mykje feriefolk på Utvær. Det var i året 1900 det monumentale fyrtårnet vart satt opp. Fyrtårnet i støypejern ragar 31 meter over berget og sender lyskjegla i 45 meters høgde over havflata. Lysblinken kvart 30. sekund når 35 km ut i Nordsjøen.

Hausten 2018 var den nye 50-kronesetelen lansert med Utvær fyr som motiv. 


FYRSAFARI TIL UTVÆR
På sommaren kan du vere med på Fyrsafari til Utvær. Turen startar med ein båttur frå Hardbakke gjennom eit fasinerande landskap. På Utvær går du Nordsjøløypa rundt øya saman med ein guide. Undervegs kan du sjå kapelltufter og slipemerker frå sverd. Dei som vil kan gå opp i fyret og nyte den fantastiske utsikta! 

Har du lyst til å reise på fyrsafari på høsten, vinteren eller våren? Det er mogleg å bestille fyrsafari gjennom heile året. Du kan lese meir om fyrsafari til Utvær her


VIKINGTIDA
Utvær er kjent frå historia heilt attende til vikingtida. I 1066 segla Harald Hardråde ut frå Solund då han skulle freiste å legge under seg England. 200 skip og dertil proviantskip og småskuter var samla. Soga seier at ein del av skipa gjekk ut frå Utvær. Slaget enda med fall ved Stamford Bridge. På austsida av vågen ved Likberget ser ein nokre spor i berget. Historia fortel at det er spor etter vikingane som slipte sverda sine før dei drog over havet på vikingferd.


 


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad