Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Fyresdal

Våmur Utkikkspunkt

Våmur Utsiktspunkt i Telemark, hvor bratte fjellsider møter majestetisk Fyresvatn. Nyt panoramautsikten og la naturens skjønnhet ta pusten fra deg.

På dette "Vestlandet" i Telemark ligg Våmur, mellom Fyresdal sentrum i nord og Kilegrend i syd. Med den ville og bratte naturen på Våmur med stupbratte fjellsider og blankskurte berg får reisande langs vegen kjensla av å vere på Vestlandet der Fyresvatn strekkjer seg som ein fjord innover landskapet.

Det er eit herleg utsyn der vegen ligg på sitt høgste, 400m over Fyresvatn, og som på det djupaste er 370 meter, og ligg med det 100 meter under havets overflate.

Skulle ein tidlegare ferdast mellom Fyresdal sentrum og Kilegrend, var det anten å ferdast på vatnet om sommaren eller på isen om vinteren. Over fjellpartiet var det ein rideveg, men den var det sers vanskeleg og slitsamt å ferdast på.

I 1876  kom innlandsbåten D/S Fyrisdal  i drft og det var eit stort framskritt. I 1950  vart det bygd ferdig bilveg over Våmur, all transport vart no enklare og ein fekk i tillegg ein turistveg med ei praktfull utsikt.

Last updated: 03/20/2024

Source: Vest Telemark

Våmur Utkikkspunkt

Sider du nylig har besøkt