Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Vågå

Vågå Kyrkje

Vågåkyrkja ligg i Vågåmo og vart bygd i åra 1625-1630 av Werner Olsen.

Grunnplanen til Vågåkyrkja er krossforma, og konstruksjonen er i reisverk. Byggjemåten liknar den som på meisterleg vis er nytta i dei gamle stavkyrkjene, men er gjort enklare. I tillegg til dei utskorne veggplankane og sørportalen er mesteparten av veggplankane i skipet og tverrskipet material som har vore nytta før.

Utvendig så syner kyrkja seg i hovuddrag slik ho såg ut da Werner Olssen bygde henne. Men sakristiet av lafta tømmer på nordsida av koret vart bygt seinare i same hundreåret. I samband med eit større restaureringsarbeid i 1914 vart kyrkja grundig restaurert og istandsett.

Benkevangane slik dei står i dag, er med unntak av to, skorne og måla av Ragnvald Einbu under restaureringsarbeidet i 1914. Golvet i kyrkja vart vølt i 1914 og 1976, siste gongen vart det lagt nytt golv i store delar av kyrkja. Under kyrkja var det likkjellar fram til 1860.

Last updated: 08/14/2023

Source: Nasjonalparkriket Reiseliv AS

Vågå Kyrkje

Sider du nylig har besøkt