Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Værlandet

Værlandet Havhotell

  • Streten, Askvoll
  • +47 99321740
  •  /  km From You
Overview
Details

Vi tilbyr overnatting i moderne arkitektur i eit ope landskap med himmel og hav tett på,
og med majestetiske Alden som næraste nabo i horisonten.


Hos oss kan du leve fritt og utforske øyriket Værlandet og Bulandet
på din måte, i ditt tempo.


Værlandet Havhotell består av 14 gjesterom totalt, fordelt på 8 dobbeltrom (seks familierom og to handikaprom). Begge dei to hotellbygga har spektakulær utsikt over himmel og hav. Alle våre rom har eit eige tema som pregar fargeval og interiør. Stikkord er hav, natur, dyreliv, geologi, fauna, fiskeri og historie.


Romma våre er innreia med dobbeltsengar og møblar som sikrar deg som gjest eit praktisk og behageleg opphald på Værlandet. Dobbeltsengane er 150 cm breie og består av 2 stk rammemadrasser som kan koblast ifrå einannan dersom det er ynskje om det – dette kan avtalast ved bestilling av rom :) Det er plassert ei lita sittegruppe med 2 stk lette lenestolar og eit lite salongbord. I tillegg til dette er romma innreia med eit lite kjøkkenbord (50 x 70 cm som kan slåast ut til 90 x 90 cm) og 3 stk kjøkkenstolar. I alle dobbeltrom som vi kallar for familierom, er det ein krakk inne på det ekstra soverommet som kan brukast som sittemøbel.


Alle dobbeltrom har eigne bad med dusj, og er utstyrt med eit enkelt minikjøkken med 2 kokeplater, mikroovn og vannkoker. Gjestane våre finn enkelt utstyr til matlaging, og service/bestikk o.l til 4 pers i kvart rom. I tillegg ligg det ein liten rasjon med pulverkaffi, teposer, salt/sukker o.l i ei kurv på kjøkkenbenken.


Det er eigen balkong (ca 4 x 1,6 meter) til kvart hotellrom. Der er det eit sett utemøblar; 2 stolar + 1 bord. Samanleggbart.


Dobbeltrom (familierom)
Seks av våre dobbeltrom har eit ekstra soverom med plassbygd familiekøye i størrelsen 120/75 x 200 cm. NB! Hovudsoverommet og ekstrasoverommet deler eit felles bad.


Dobbeltrom (handikaprom)
To av våre dobbeltrom er handicap/rullestoltilpassa, og har ikkje eit ekstra soverom.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Utendørsaktiviteter

Sykling
  • Sykkelutleie
Click to activate
Askvoll, Norway
The latitude and longitude
61° 20' 44" N / 5° 4' 39" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad