Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Vøringsfoss

Vøringsfossen - Måbødalen

  • Eidfjord, Eidfjord
  •  /  km From You
Overview
Details

Nyt utsikta av ein av dei mest imponerande fossane i Norge som kastar seg ut frå Hardangervidda høgfjellsplatå og slyngjer seg nedover det trange og ville dalføret Måbødalen.  

Vøringsfossen er ein av dei mest kjente fossane i Norge som spring ut frå elva Bjoreia vest på Hardangerviddeplatået. Store vassmengder stuper 182 m rett ned i Måbødalen, eit trangt og vilt dalføre som slynger seg nedover til dei mjukare og grønare områda av Hardanger. Vassmengden i elva er regulert i samband med kraftutbygging i sommersesongen. Byggeprosjektet rundt Vøringsfossen er godt i gang, dei nye og spektakulære nye utsiktspunkta skal være ferdig i 2020.

På grunn av Vøringfossens gjennombrudd som nasjonalt symbol og naturattraksjon vart Hardangerfjorden trafikkert av fleire skip med turister frå 1861, og i 1891 stod Fossli hotel ferdig ved toppen av fossen.

Den einaste vegen til høgfjellsplatået var ein sti med 1300 trappetrinn opp Måbøfjellet, samt ein ridesti fra 1872, bygd for å frakte engelske turister inn til fossen. I 1891 vart ein ny veg med tunneler bygd langs vatnet mellom Eidfjord og Øvre Eidfjord, og i 1921 snirklet den første bilen seg heilt fram til hotellet. Gamle riksveg 7 i Måbødalen vert betrakta som eit mesterstykke av ingeniørkunst, men danna etter kvart ein flaskehals i trafikken. I 1986 åpna den nye riksveg 7 med fire tunneler med Mange fine rasteplassar og fotostopp.

Utsiktspunkt:

- Fossli Hotel

- Vøringfoss kafeteria & souvenir

- Fottur til botnen av fossen (mai - september)

Plassering:

- med bil ca.20 minutter frå Eidfjord sentrum retning Geilo ved Rv7

- Frå gamle RV7  går ein tursti du kan fylge inn til foten av fossen. Her får du godt utsiktspunkt.  seong: mai - september

Turkart/referanse: turistinformasjonen i Eidfjord

Sightseeingtur fra Eidfjord til Vøringsfossen http://www.tidereiser.no/Sightseeing-Eidfjord


  • Last Updated:
  • Source: Destination Hardanger Fjord AS

Generelt

Årstid
  • Hele året
Click to activate
Eidfjord, Norway
The latitude and longitude
60° 25' 38" N / 7° 15' 10" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad