Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Valldal

Valldal Safteri

  • Gamle syltegata, Norddal
  •  /  km From You
Overview

Saft og syltetøy er laga av frukt og bær dyrka på gardane i området. Norddal er ein landbrukskommune med rike tradisjonar for å dyrke frukt og bær. Her ligg grenda Linge vakkert ned mot fjorden – ingen stad i verda blir det drive profesjonell fruktdyrking så langt nord, og eple, plomme og kirsebær frå Linge finn du i produkta våre.


I Valldal er det dyrka jordbær i over 100 år, og bygda er ein av dei viktigaste produsentane av jordbær til konservesindustrien i Noreg. Over 50 prosent av bæra som går til syltetøy og andre forbrukarprodukt, kjem frå Valldal.


Du finn sjølvsagt kvalitetsjordbær frå Valldal i produkta våre, og den gode bringebæra kjem frå Valldal og bygdene rundt. Rips og solbær kjem frå hagane i kommunen, medan blåbæra er plukka i skogar og utmark.


Kom innom butikken vår i Gamle Syltegata, så byr vi på heimelaga is og oppkvikkande kaffi. Er du heldig, har vi ferske,
belgiske vaflar på menyen også – eller norske vaflar med jordbærsyltetøy eller bringebærsyltetøy, naturlegvis!


  • Last Updated:
  • Source: Fjord Norge AS
Click to activate
Norddal, Norway
The latitude and longitude
62° 17' 56" N / 7° 15' 49" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad