

Sjarmerande lokale midt i Valldal – perfekt for konsert, selskap eller møte i unike omgjevnader.
Valldal Sentrum Scene held til i det gamle Sylte ungdomshus, som i 1906 blei frakta med båt frå Ålesund og reist på Sylte. Huset har vore eit viktig samlingspunkt i bygda i over hundre år – eit levande kulturhus som framleis gir rom for musikk, gode opplevingar og fellesskap.
Lokalet kombinerer rustikk sjarm med moderne fasilitetar og godt lydmiljø. Her er det plass til opptil 80 gjester med stoloppsett for konsert, eller opp til 40 personar rundt dekt bord. Eit sjarmerande kjøken ligg bak i lokalet – godt utstyrt for catering og servering. Ute finn du ein grønn plen der ein kan setje opp bord og stolar for ei utandørs ramme rundt arrangementet.
Valldal Sentrum Scene har profesjonelt konferanseutstyr og kan dekkast til alt frå møte og kurs til bryllaup og konfirmasjon. Lokalet leigast ut utan serveringsløyve, men eigarane kan bistå med borddekking, pynting og formidle kontakt til lokale cateringar. Mat og drikke ordnar du enkelt sjølv – med ei varm atmosfære som løftar feiringa.
Kilde: Ålesund & Sunnmøre