Dynamic Variation:
Offers
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Nordfjord Stryn

Vandrestiar på Hoven (1011 m.) | Loen Skylift

  • Loen, Stryn
  • 57 87 59 00
  •  /  km From You
Overview
Details

Loen Skylift - ein spektakulær ny attraksjon og opplevingsarena, inst i Nordfjord, i hjartet av Fjord Norge. Ei pendelbane vil løfte deg frå fjorden til 1011 m. Her kan du nyte utsikta over fjordlandskapet - frå restaurantbordet, eller ute på tur i fjellet.

Frå fjordbygget startar oppstigninga med pendelbana til fjellet Hoven (1011 moh). Etter nokre minutt i luftig svev kjem du til fjellbygget og restauranten der du får eit 210 graders panoramautsyn med utsikt til Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen og Olden i sør, og ut Nordfjorden som buktar seg vidare mot Stryn i vest. Frå Hoven kan du oppleve høgfjellet på eiga hand i eit omfattande stinett, eller med guide.

Rundt 70 km med stiar er kartlagt frå Hoven. Arbeidet med å forbetre og tilrettelegge desse er i gong. Høg kvalitet og bærekraft er nøkkelord. Alle stiane vert skilta og merka etter internasjonal standard. Stiane varierer frå enkle gruslagde stiar til stiar i meir kupert terreng. Du kan gå på eiga hand, eller bli med på guida tur med Loen Active.   

EKSEMPEL PÅ TURAR FRÅ HOVEN

Gjølrunden 2,2 km / 120 høgdemeter 
Enkel rundtur. Godt tilrettelagd med trapper i naturstein. Kupert med nokre korte bratte parti. Kom nær inn på spektakulær og dramatisk natur, med panorama mot fjell, bre og fjord. Høgste punkt er på 1120 moh. Frå dette punktet har ei fantastisk utsikt til fjorden i vest og mot Jostedalsbreen i sør. Krydra med eit 360-graders panorama av fjell og dalfører. Vidare mot vest kjem ein inn på tursti mot Skredfjellet, og kan returnere til Hoven eller gå vidare mot Skredfjellet.

Skredfjellet - 2 km ein veg / 155 høgdemeter
Enkel tur som er godt tilrettelagd med grus. Nokre bratte parti, men det er mulig å trille barnevogn. Mot slutten av turen er det mindre kupert og med fleire flate parti. Flott utsikt mot fjorden i sør, og Strynedalføret og fjellheimen i nord. Vardane viser veg. Utsikt og panorama blir berre betre dess nærare ein kjem målet for turen.

Rundtur Skredfjellet - 7,9 km / 500 høgdemeter
Middels vanskegrad. Varierande dekke, grus, steintrapper, høgfjells-sti og veg. Kom deg litt lenger ut i fjellheimen - over Skredfjellet (som turen over), via Nøkketjønn og tilbake til Hoven på grusveg. Bortetter ryggen får ein panorama mot fjell, fjord og bre. Ein passerar vardar som viser veg, bekkar, små tjønner og fine utsiktspunkt som innbyr til ein rast. Før ein vender tilbake mot Hoven passerar ein Oppheimssetra. 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Nordfjord

Generelt

Landskap
  • Fjordområde
  • Fjellområde
Årstid
  • Hele året

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Familievennlig
  • Restaurant/café

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Vandring
Fottur
  • Merkede turstier

Planlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Parkering for busser
Tjenester
  • Familievennlig
  • Gratis WiFi

Aktiviteter

Fornøyelsesparker
  • Familievennlig

Price

Description Price*
Voksne (fra 16 år) Tur-retur (høgsesong) 505,00 Tur/retur
Barn 6-15 år Bane-billett, born (høgsesong) 260,00 Tur/retur
* Price from

Facts

Landscape
Fjord area
Season
All Year
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad