Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Luster

Vandretur -Høyheimsvik - Navarsete

Dette er ein variert tur frå sjøen og opp til over skoggrensa med uvanleg fin utsikt mot fjorden og Feigumfossen. Vegen går forbi stølsgrenda Flatningane.

Ruta er ikkje innteikna på kartet. Det er difor viktig å finne og følgje raud T-merking og vardar. Det er lettast å parkere på Høyheimsvik og følgje gardsvegen opp til det høgstliggjande bruket på Høyheim. Bilvegen vert her avløyst av ein traktorveg opp gjennom skogen. Ta av ved skilt som viser Navarsete og raud T-merking vidare. Merkinga fører forbi vårstølen Kolstad på nordsida. Nyt utsynet frå toppen! Forbi stølane på Flatningane er det merkt på aust- og nordsida. Deretter går stien nesten flatt rundt ein fjellrygg ned til brua over elva ved Navarsete.

Returen kan gjerast same vegen - eller ha avtale om å bli henta
med bil i Engjedalen. Det tek berre knappe halvtimen frå Navarsete til bilveg.

Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Vandretur -Høyheimsvik - Navarsete

Sider du nylig har besøkt