Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
GEIRANGER

Vandretur til Storsæterfossen

Vandretur til Storsæterfossen i Geiranger

Turen til den populære Storsæterfossen, der stien faktisk går bak sjølve fossen, er ei av dei mest populære vandrerutene i Geiranger.  Det er ein smal grusveg til startpunktet ved garden Vesterås (320 m.o.h.), men du kan også parkere ved fjordsenteret og gå heile vegen opp.

Om du startar frå Vesterås, så har du to ruter å velje mellom i starten. Enten følgjer ein grusvegen 50 meter tilbake forbi utleigehyttene som ligg på venstre hand, og tek av på traktorvegen som leiar oppgjennom slåttemarka.  Traktorvegen leiar fram til ei grind i skogkanten.  Du  passerar gjennom grinda og kjem inn på ein godt opparbeidd, steinlagt sti med hundrevis av trappeavsatsar laga av sherpaer frå Nepal og ferdigstilt i 2014.

Den andre ruta går opp langs driftsbygningen i enden av grusveg. Denne stien er ikkje steinsett, men er kortare og brattare. 100 høgdemeter høgare oppe i lia kjem den inn på den breie, gode sherpaopparbeidde stien som førar heilt fram til Storseterfossen.

Det er eit fint grasplatå (540 m.o.h.) rett over fossen og ei sikra rås går ned til høgre og innunder det flotte fossefallet.  Ver varsam på våte, glatte parti.

Turen frå Vesterås til Storsæterfossen tek  45-60 minutt ein veg. 

El-sykkel: Ofte kan parkeringsplassen på Vesterås være full, så eit godt alternativ er å reise opp fra sentrum med el-sykkel - ein enkel og morsom måte å kome seg fort opp på utan å bruke mykje energi.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

0

Vandretur til Storsæterfossen

Sider du nylig har besøkt