Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

GEIRANGER

Vandretur til Storsæterfossen

Gå opp til og inn bak Storseter-fossen.

Turen til den populære Storsæterfossen, der stien faktisk går bak sjølve fossen, er ei av dei mest brukte vandrerutene i Geiranger.  Det er køyreveg til garden Vesterås (320 m.o.h.) etter smal grusveg.  Nærmeste parkering er ved hovedveien ved Hole.

Turen startar frå Vesterås, og ein har to ruter å velje mellom i starten. Enten følgjer ein grusvegen 50 meter tilbake forbi utleigehyttene som ligg på venstre hand, og tek av på traktorvegen som leiar oppgjennom slåttemarka.  Traktorvegen leiar fram til ei grind i skogkanten.  Du  passerar gjennom grinda og kjem inn på ein godt opparbeidd, steinlagt sti med hundrevis av trappeavsatsar laga av sherpaer frå Nepal og ferdigstilt i 2014.

Den andre ruta går opp langs driftsbygningen i enden av grusveg. Denne stien er ikkje steinsett, men er kortare og brattare. 100 høgdemeter høgare oppe i lia kjem den inn på den breie, gode sherpaopparbeidde stien som førar heilt fram til Storseterfossen.

Det er eit fint grasplatå (540 m.o.h.) rett over fossen og ei sikra rås går ned til høgre og innunder det flotte fossefallet.  Ver varsam på våte, glatte parti.

Turen frå Vesterås til Storsæterfossen tek  45-60 minutt ein veg. 

ELEKTRISK SYKEL og TUR-alternativ: Ofte kan parkeringsplassen på Vesterås være full, så et godt alternativ er å reise opp fra byen med ebike - en enkel og morsom måte å reise uten å bruke mye energi. Så kan du selvfølgelig også gli tilbake til byen etter turen. Sjekk ut alternativet ebike og fottur her

Last updated: 01/29/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Vandretur til Storsæterfossen

Sider du nylig har besøkt