Vandring Fjærland




Fjærland er eit velkjent og populært turområde. Heilt frå slutten av 1800 har bygda blitt besøkt nettopp for å nyte stillheiten, roen og alle dei unike fjellturane brebygda har å tilby.
Fjærland - eit eldorado av vakre fjellturar
Her er fleire enkle merka turar, men og eit eldorado for dei som vil ta dagsturen på ein av dei høge, bratte fjelltoppane. Fjærland er ikkje plaga av masseturisme, og går man på ein av dei umerka toppane vil ein ikkje møte anna en ein sau, ei kyr eller kanskje ein hjort.
Eller om du er skikkeleg heldig møter du ein lokal helt ute og luftar seg. Fjellet kan vera farefult, og me anbefaler at ein brukar guide/kjentmann om ein vil på ein av dei umerka toppane.
Fjærland Guiding har hovudsakeleg lokale guidar som er oppvokst i nærmiljøet og kjenner turane som si eiga bukselomme. Og om det er noko me likar, so er det å ta med den eventyrlystne på spektakulære turar i fjella våre.
Fjærland Guiding har eit variert utval av fjellturar til små og store, og på ulike nivå. Turane varierer frå 2 til 8 timar. Fjærland guiding tilbyr skreddarsydde turar om ein ynskjer det. Søk på ut.no for å finne den turen du vil ta.
Besshovden/ Skredefjellet
Mundalsfjellstøylen
Flatbrehytta
Nesahaugen
- Middels
Kilde: Visit Sognefjord AS
Vandring Fjærland