Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Florø

Vandring i Flora

  • +47 57743000
  •  /  km From You
Overview

Det spesielle med Flora når det kjem til vandring er at du kan bli med på alle typar vandring. Utforsk småbyidyllen Florø med fine turstiar og flotte utsiktspunkt, dra på topptur og vandring langs havet på øyane i skjergarden, vandre langs bratte fjellsider med skue utover fjordarmane eller bli med på brevandring på Ålfotbreen.

I heftet "Til fots i Flora", som er på 3 ulike språk, finn ein kart og skildringar av 34 turar i Flora kommune.

Flora Turlag arrangerar mange turar heile året. Sjekk deira heimesider eller ta kontakt direkte for meir informasjon om arrangerte turar.

SMÅBYIDYLLEN FLORØ
Lilleåsen, Storeåsen, Brandsøyåsen - gangavstand frå Florø sentrum. Utsynet spenner seg frå yttarste skjergard til fjell og bre i indre Sunnfjord.

ØYANE
Øyane utanfor Florø egnar seg godt til fotturar. Her strekk fjella seg opp av havet og byr på små og store utfordringar. Høgaste fjellet, Store Batalden, ruvar ca500 m.o.h. Vi anbefalar mellom anna eit besøk på Fanøya og Store Batalden. Her finn ein mange "uoppdaga" og spanande turmoglegheiter.

SVANØY
På sør/aust sida av Svanøy er det merka opp og skilta fleire turstiar av ulik lengde. For dei som ikkje likar å gå i terrenget, er det fint å gå langs landevegen. Fin spasertur til Norsk Hjortesenter og Erikstad gard.

NORDALSFJORDEN
Område med spesielle berggrunnar i Ålfoten-bassenget. Mange flotte turløyper til m.a. Klauekeipen, Haukånipa, Børa, Blåbrebu, Ålfoten m.m. Vi anbefalar turen frå Grøndalen opp til Ålfotbreen, eller turar frå hytte til hytte i fjellområdet rundt Grøndalen. Turkartet Ålfotbreen er eit detaljert turkart med innteikna ruter, her finn du òg ei kort skildring av dei 55 turane som er innteikna. I området finns det fleire turisthytter som kan nyttast.

EIKEFJORD
Ligg vakkert til midt mellom Florø og Førde.Her kan du ta ein tur opp på eit av dei staslige fjella som omkransar Eikefjord, m.a. Blånipa. Besøk også Eikefjordstølen og Hovlandstølen som er barnevennelge turar. I sentrum er det ei finbadestrand som byr på ei flott avslutning etter ein tur i fjellet.

Vi oppmodar alle om å planlegge turar i fjellet nøye. Ta gjerne kontakt med kjentfolk eller turistkontoret for å få informasjon om gangtid, vêrtilhøve osv.

Er du ein ivrig fiskar anbefalar vi å ta med fiskestonga på din vandretur. På vegen fins det mange flotte fiskevatn og elvestrekningar med godt fiske etter aure og røyr.

GOD TUR!!


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Click to activate
Flora, Norway
The latitude and longitude
61° 35' 58" N / 5° 2' 4" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad