Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Selje

Vandring over øya Selja til Selja Kloster

  • Bø, Selje
  • +47 57856606
  •  /  km From You
Overview
Details

Gå i kloster Turen over Selja endar der kristninga av Norge starta. Sunnivahola og klosteret på Selja er viktige fortidsminne som gjer fortida levande. Helleren der Sankt Sunniva skal ha blitt teken av ras då ho søkte tilflukt frå den heidenske kong Håkon Jarl - har i lange tider vore eitt av dei viktigaste pilegrimsmåla i Norge. Då passar det bra at den finaste måten å oppleve Selja på er å følgje den smale sti - enten via toppen av øya eller langs sjøsida.

Dei første pilgrimane kom til Selja for over tusen år sidan, så her vandrar du på historisk grunn. Selja er om lag 1,5 km2, og ligg 1 km frå fastlandet. Du kan gå over toppen av øya (opp til 201 moh) og tilbake på stien som går på nordsida av øya, slik at du får ein runde.


For å kome deg til Selja må du ta båt. I sommarsesongen har Klosterbåten daglige avgangar frå Seljevågen. Billettar får du kjøpt på turistinformasjonen i Selje.


Resten av året går det postrute til Bø, som er utgangspunktet for vandreturen. Ta kontakt med turistinformasjonen for tider og prisar.


 Bø var truleg kongsgard då kong Olav Kyrre i 1068 la bispesetet for Vestlandet på Selja. På Bø stod soknekyrkja for Selje alt frå 1100-talet. Etter reformasjonen i 1537 flytta presten til fastlandet, men kyrkja vart først flytta etter i 1654. Kyrkjetuftene på Bø ligg der framleis, men det er ikkje blitt grundig granska. Gardane på Selja låg aude fram til i 1820-åra då ein husmann rydda seg gard på Bø. På veg mot klosteret ser du over på Ersholmen, som er den store holmen aust for Selja. Sokneprest Johan D.S. Landmark stod i 1876 bak den første skogplantinga i Selje, og planta svært mange treslag på Ersholmen. Det står ein minnestein for Landmark på holmen. Skogen fekk store skadar under nyttårsorkanen i 1992. Buskehaugen ligg omlag halvvegs på stien mellom Bø og Klosteret. Hustuftene her er truleg ein sauefjøs frå 17-1800-talet. Myrane på nordsida av øya var dyrka i den tida klosteret var i drift. I seinare tider vart det skore torv i myrane på Selja. Helmavikja, eller eigentleg Heilagramannvik (heilags mann vik) på nordsida av Selja skal vere staden der Sunniva og Seljumennene etter legenda kom i land. Klostervågen hadde sjøbuer på begge sider heilt fram til etterkrigstida, som ein enno ser murane etter. Det er mange overnattingsmoglegheiter i Selje. Selje Hotel/Selje Spa Thalasso og Doktorgården Selje ligg få minutts gonge frå kaia. Og på kaia ligg Seljevåge Appartement med 4 høgstandard leilegheiter. Det fins også ei lita brosjyre med informasjon og eit lite kart over øya. Denne kan du få på turistinformasjonen i Selje. Hugs at du er avhengig av båtrutene for å gå denne turen.


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Lett
Landskap
  • Kystområde
  • Fjordområde
Årstid
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Familievennlig

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Korte vandreturer (1-4 timer)
Click to activate
Selje, Norway
The latitude and longitude
62° 2' 51" N / 5° 19' 7" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad