Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Sogndal

Vandring Saurdal - Balestrand

Saurdal - Balestrand
Saurdal - Balestrand

Saurdalen i Balestrand er eit fint utganspunkt for fleire lettare og tyngre turar, det er behageleg landskap å gå i og ein møter variert natur.

Tur til Saurdalen i Balestrand

Saurdal er eit lett og tilgjengeleg område med ulike turalternativ. Innover dalen langs elva er det fuktig myrlandskap medan det er tørrare langs eggane rundt dalen. For val av turar i Saurdalen, spør om råd på turistkontoret.

Turen startar ved infotavla i Saurdal, ved enden av Saurdalsvegen. Stien går på ei moderat til lett rute gjennom fjelldalar, vassdrag og til fjelltoppar

Heile ruta er godt merka med raude merke på kvite steinvardar. Først går stien langs rute 5 mot Munkeggi (nb, ikkje ta av mot Hanevikelvi) til ein møter skilt mot Hanevikstølen. Frå skiltet tek ein inn på den gamle stølsvegen innover Saurdal.

I utløpet av Målsnesvatnet fortsett stien over brua og mot Hanevikstølen, ein støl som var i drift fram til 1955.

Vidare frå stølen fyl stien oppover mot fjellplatået mellom Storevarden og Bukkaberg. Her kan ein velje å ta ein avstikkar opp til Storavarden.

I Fagradalen møter ein rute 9 som tek deg vidare til Spenane (1136 moh) og Raudmelen, og derfrå vidare på rute 7 ned til Balestrand. Ein kan sjølvsagt også velje å gå attende til Saurdal

Heile vassdraget i Saurdal, med vatn, stryk og elvar, er svært godt eigna for stangfiske. Særskilt i Oddmundsvatn har aurebestanden blomstra opp dei siste åra.

Gode Råd: I Saurdal og under Raudmelen kan det vere noko våtlendt så ta gjerne med gode sko og eventuet sko/sokkeskift. Turkart kan ein få kjøpt på Turistkontoret. 

Turfakta:

Parkering: Parkering ved infotavle i Saurdal, enden av Saurdalsvegen. 

Tilkomst: Kjør/sykle/ gå langs rv 55 mot Kvamsøy/ Høyanger ta av mot Saurdalen(skilta) ca 7 km vest frå Balestrand, ein god skogsveg slynger seg ca 7 km oppover fjellet og ender opp i ein parkeringsplass ved 620 m.o.h.

Distanse: 12 km ein veg

Tid: 7 timar ein veg 

Vansklegheitsgrad: Krevjande tur

Sesong: Juni - oktober

Sluttpunkt: Ved infotavla ved Kreklingen

Toalett: Vær oppmerksom på at det er ikkje offentleg toalett på turen til Saurdalen. 

Vatn: Fyll flaska med vatn før turen då det kan vera lite tilgang på vatn på turen. 

Hugs bandtvang.
 

Førebuing og tips:

Før du legg ut på desse krevjande turane, er grundige førebuingar avgjerande. Pass på at du har passande utstyr, inkludert eit påliteleg par tursko, vêrpassande klede og ein godt pakka ryggsekk med nødvendigheiter som vatn, snacks og førstehjelpsutstyr. Gjer deg kjend med dei merka rutene, og ha med deg eit kart for ekstra navigasjon. Gitt alvoret og vanskelgheitsgrada på desse turane, blir dei utelukkande tilrådde for erfarne turgåarar.


Vi er glade for å ha deg på besøk - takk for at du viser respekt og omsorg under oppholdet ditt

1. Bruk offentlege toaletter og søppelkasser
2. Hold deg til merka stier
3. Ikkje mat dyra
4. Respekter privat eigedom
5. Hold til venstre på vegane og bruk fortauet for å vike for lokale bønder

Eg er Sognefjord
 

Kilde: Visit Sognefjord AS

Vandring Saurdal - Balestrand

Sider du nylig har besøkt