Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Nordfjord Stryn

Vandring til Briksdalsbreen

  • +47 57874040
  •  /  km From You
Overview
Details

Den mektige Briksdalsbreen er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. frå 1200 meters høgd stuper det ville brefallet heilt ned i den frodige, tronge Briksdalen.

Briksdalsbreen ligg i enden av Oldedalen, rundt 20 km frå Olden. Turen startar frå Briksdalsbre Fjellstove. Her finn du informasjonstavler om Briksdalsbreen. Lengda på turen er 3 km kvar veg. Totalt 1,5-2 timer inkl. pause ved breen. Høgdeforskjellen er på rundt 200 meter. Stien er tilrettelagt for rullestol/barnevogn. 

Kle deg etter veret, og ha med varme klede. Det er ofte kjølig når du nermar deg isbreen. Ta med vatn på varme dagar.  Det fins toalett ved Briksdalsbre Fjellstove, og på 0,5 km frå toppunktet. Det er god mobildekning i området.

 

Slik kjem du deg hit

Med bil føl du skilting frå fylkesvei 60 i Olden, mot Briksdalsbreen, og køyrer 22 km til du kjem til Briksdalsbre Fjellstove. Her finn du parkeringsplass (parkeringsavgift). Vandreturen startar ved Fjellstova. Kjem du med buss frå Bergen eller frå Oslo via Stryn er næraste stoppestad Olden. I sommarsesongen (1. juni-31. august) går det brebuss t/r på strekninga Stryn-Briksdal. Utanom sesong må du følge skuleruta, eller ta taxi.

Briksdalsbre Fjellstove er open frå medio april til medio oktober. Bresafari på vatnet framfor breen, restaurant og ein stor suvenirbutikk.

NB!
Det er svært farleg å bevege seg nær breen, og alle må respektere sperringane som er sett opp. Det er mykje bevegelse i breen, og faren for ras er stor.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Nordfjord

Generelt

Landskap
  • Kystområde
  • Fjordområde
  • Innsjøområde

Overnatting

Camping
  • Sanitæranlegg

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Strand
  • Svømming
  • Vannsport
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad