Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Luster

Vandring til Myrhønna - Jostedal

Myrhønna
Vandring til Myrhønna - Jostedal
Haust på Myrhønna, Jostedal
Myrhønna og Vangsen

Myrhorn er ein kremtopp i Jostedalen/Breheimen nasjonalpark - Har ein flott historie i norsk målarkunst, motivet heng på veggen i Fugleværelset på Slottet

Det mest særeigne fjellet i Jostedalen er vorte eit signaturfjell for så vel lokalbefolkninga som kunstnarar. Frå toppen ser du både Jotunheimen og Jostedalsbreen. Ein luftig tur! Høgdeskilnad: 440 m.

Gradering: Krevende

Lengde: 5,4 km

Varigheit: 3 timar

Sesong: Juni - September Frå parkeringsplassen på ca 1100 moh ligg Myrhønna mot nordvest på vel 1500 moh. Litt bratt nokre plassar, men godt merka sti. Gå i lyng og myr mot skaret i nordnordaust, Mannen heiter dette skaret. Saueveger kan vere greie å følgje, men går ikkje alltid beste veg. Frå skaret følgjer ein langs ryggen mot vest, fyrst litt bratt, så litt opp og ned, før ein når toppunktet som gjev ei eineståande utsikt over Jostedalen. Det kan ligge snø på toppen langt ut i juli. Vær forsiktig med å gå for langt ut på snøskavlar som heng utover på nordsida.

Korleis kome seg dit?

Frå fv 604, køyr mot Espe 4 km sør for Gjerde. Ta av til høgre på asfaltert bomveg 400 meter forbi skule og samfunnshus. Følg denne svingete fjellvegen heilt opp over skoggrensa til Vanndalsvatnet og parker her.

Kilde: Visit Sognefjord AS

Vandring til Myrhønna - Jostedal

Sider du nylig har besøkt