Voss

Vangen Café

    • Besøk nettsiden

    • Send oss en epost

    • 56 51 80 73

    • Hestavangen 3

      Voss, Vestland

      Vis i kart

    På tradisjonsrike Vangen Café får du tradisjonelle rettar laga frå botnen i trivelege omgjevnader.

    På Vangen Café får du servert tradisjonsrike rettar som er laga frå botnen, i eit lyst, triveleg og stilig lokale midt på Vangen.

    Heimelaga, økologisk og kortreist er viktige stikkord for maten på Vangen Café, og gode råvarer og dyrevelferd er viktig for drivarane av kafeen. Her vert det nytta kjøtvarer frå Selheim gard på Voss, handverksbakst frå Vossavakst og fersk fisk frå Bergen. Vangen Café serverer også heimebakte kaker, lefser og gjærbakst.

    Meny:
    Vangen Café har eit breitt utval av freistande rettar, som varierer med årstidene avhengig av råvarer og sesong. Det er og nokre faste innslag på menyen som har fortent sin plass fordi dei er særs populære blant kundane:

    Måndag: Heimelaga grateng av fisk eller pølse/skinke
    Tysdag: Nysteike fiskekaker med råkost og heimelaga remulade
    Onsdag: Fleskepannekaker med blåbærsyltetøy
    Torsdag: Raspekaker laga frå botnen av med kjøt, flesk og korv frå Evanger
    Fredag: Nysteikte kjøtkaker med heimelaga ertestuing og rørte tyttebær
    Laurdag: Risgraut og betasuppe
    Sundag: Tre ulike rettar - Steik frå Selheim gard, aurefilet i rømmesaus med agurksalat og torskefilet.

    På menyen finn du også lunsjrettar, dagens suppe med brød og kaffi, omelett med ulikt fyll og stort dessertbord med heimelaga dessertar.

    Vangen Café tilbyr også selskaplokale og catering.

    Opningstider:
    Måndag - fredag: 10:00 - 18:00
    Laurdag: 10:00 - 17:00
    Sundag: 12:00 - 18:00

    Kilde: Destinasjon Voss