Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Fortun

Vardanosi

  • Turtagrø, Luster
  • +47 57671400
  •  /  km From You
Overview
Details
Meeting Facilities

Panoramaturen - Flott tur som gjev storslått utsyn over store delar av Vest-Jotunheimen og Breheimen.

Parkering: køyr på riksveg 55 til Turtagrø. Parker på parkeringsplass aust for Turtagrø hotell.


Start fottur: Ta stien nedover frå avkøyringa til hotellet, eller følg riksveg 55 nedover. Ta av til høgre mot stølen Gjesingane. Frå Gjesingane tek du stien mot Vardanosi, Stølsdalen og Nørdstedalen.


Gjesingane var vårstøl for Fortun og Optun. Stien tek av frå stølen opp mot tippen frå kraftutbygginga på 1950- og 60talet. Stien går forbi Stølsdalen, og fører heilt til Nørdstedalsseter. Ovanfor steintippen passerer me eit bekkeinntak for kraftstasjonen i Fortun.

På 1090 m.o.h. kryssar stien Gjesingelva. På 1160 m.o.h. tek han av vestover mot Vardanosi. Her er ikkje nokon tydeleg sti sidan det er lite vegetasjon, men tydeleg o-merking gjer det lett å finna fram.


I området ut mot Vardanosi finn ein fleire små tjørner eller dammar. Tidlegare vertinne på Turtagrø, Astri Drægni, fortel at både ho og fleire av tenestefolka på hotellet tok denne turen i fristundene, og at dei då gjerne bada i dammane på fjellet. Her kan ein bada og nyta utsynet mot Hurrungane.

Vardanosi byr på strålande utsyn i alle retningar. I vest ligg Jostedalsbreen, i sørvest Lusterfjorden og fjella ikring. I sør ruvar Hurrung-massivet med Skagastølstindane, og i aust finn me Fanaråken og Steindalsnosi.

Store Skagastølstind (Storen 2405 m) er Noregs tredje høgste fjelltopp, og eit populært mål for fjellklatrarar frå mange land. Engelskmannen W.C. Slingsby var den første til topps her i 1876. Når klatrarane kom til Turtagrø med familien, var det vanleg at konene tok turen til Vardanosi medan mennene klatra i Hurrungane. Konene hadde dermed eit utmerka utsyn mot klatreområdet. Framleis er Turtagrø det beste utgangspunktet for klatring i Jotunheimen


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Generelt

Rabatt
  • Fjord Pass

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Valutaveksling

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Vandring
  • Jakt og fiske
Sykling
  • Sykkelutleie
Fisking
  • Fiskekort påkrevd

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Bussparkering
  • Parkering
Tjenester
  • Valutaveksling

Aktiviteter

Shopping
  • Smykker
  • Souvenirbutikker
Facility Info
  • Kopimaskin true
Click to activate
Luster, Norway
The latitude and longitude
61° 30' 15" N / 7° 48' 10" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad