
Rundtur i grøne omgjevnader ved Vassetvatnet i Langevåg – med badestrender, leikeområde og grillhytte.
Turen rundt Vassetvatnet i Langevåg byr på ein lett tilgjengeleg og familievenleg oppleving – med grøne lunger, fine badeplassar og mange koselege stopp undervegs. Her kan du kombinere tur med leik, bading, piknik og rolege stunder ved vatnet.
Stien går i ring rundt vatnet og passar for både gåande, syklande og dei som kjem ridande – berre vis omsyn til kvarandre. Store delar av ruta går på god grusveg, med noko asfalt innimellom. Langs løypa finn du fleire gapahukar, grillhytte, Tuftepark, frisbeegolf, picnicområde og ei flott badestrand med toalett ved Jentavika.
Ved klubbhuset til Sula Jeger- og Fiskeforening kan du låne kano, kajakk og SUP gratis. Her finn du også grillhytte og brygge – og fiskemoglegheiter som òg er tilrettelagt for rullestolbrukarar. Kaffivika og Jentavika er fine stopp for matpause eller ein dukkert i vatnet.
Startpunkt ved Langevåg IL sin stadion
God sti/veg rundt vatnet – høver for sykkel og barnevogn
Gratis parkering ved stadion eller Vassetvegen
Enkel tilgang frå Ålesund med hurtigbåt til Lerheimkaia
Toalett ved stadion og ved Jentavika
Grillhytte, badeplassar og leikeområde undervegs
Kilde: Ålesund & Sunnmøre