Vasseventyret






Bli med Sildre på eventyr ved Haukelifjell! Stoppe Surkula fra å forurense, med morsomme aktiviteter langs en tilgjengelig natursti.
Interaktiv turveg
Dette er ein interaktiv opplevingssti – ein turveg litt utanom det vanlege. Her er aktivitetar for liten og stor. Du får vere med superhelten Sildre, ein glad vassdrope, på jakt etter vasspyren Surkula som prøvar å forureine naturen på Haukelifjell.
Historia om Sildre er fortalt som ein teikneserie på fem informasjonspostar langs turvegen. I tillegg til historia om Sildre og Surkula er det óg installasjonar der du kan prøve å lage straum, sjå kor mykje vatn me brukar på ein dag og kjempe ein real vasskrig mot vasspyren Surkula.
Startpunkt
Turen startar ved Arbuvollen Fjellbutikk og går langs vegen vest for butikken. Turvegen er skilta langs vegen frå parkeringsplassen. Du kan ta med deg barnevogn på heile runden.
Tilgjengelig med rullestol
Den fyrste delen av turvegen frå butikken og ned til fiskeplassen og utsiktspunktet/grillplass kjem ein fram med rullestol. Strekninga for rullestol går på asfalt og grus, og har ein stigning på tre prosent over 500 m.
Køyreforklaring
Turvegen ligg ved E134 på Haukelifjell. Frå aust 21,9 km etter Edland sentrum. Frå vest 10,7 km etter Haukeliseter Turisthytte. Parkering ved Arbuvollen Fjellbutikk.
Ansvarsfull ferdsel for å bevare naturen
Når du beveger deg i naturen, er det avgjørende å praktisere ansvarlig ferdsel for å bevare og respektere det naturlige miljøet. Dette inkluderer å følge oppmerkede stier for å unngå skade på økosystemene, ta med deg søppel og respektere lokale regler og restriksjoner. Sørg for å unngå å forstyrre dyrelivet, og vær oppmerksom på eventuelle spesielle hensyn knyttet til verneområder. Ved å være ansvarsfull i dine utendørsaktiviteter, bidrar du til å opprettholde skjønnheten og bærekraften til naturen, slik at kommende generasjoner også kan nyte den.
- Lett
- Sommer
- Korte vandreturer (1-4 timer)
Kilde: Rauland Turist AS
Vasseventyret