Vassparken i Morgedal








Ved Norsk Skieventyr finn du Vassparken. Den har ein 45 meter lang kopi av Morgedalsvassdraget. Her kan borna leike seg med fløyting av tømmerstokkar og produksjon av straum. I tillegg kan du låne sjakkbrikker inne på museet for å nytte det store sjakkbordet i parken. Tett ved Norsk Skieventyr finn du og ein stor leikeplass med Zipp-line.
I juni 2022 opna det ein 45 meter lang kopi av Morgedalsvassdraget utanfor skimuseet, som ligg rett ved E134. Her kan borna leike seg med fløyting av tømmerstokkar og produksjon av straum.
Morgedalsvassdraget var, og er framleis rekna som livsnerva i Morgedal. I tidlegare tider ga vassdraget matauke, det var transportåre for tømmer og dei små fossefalla ga drivkraft til kverner og sagbruk. I dag er vassdraget ein del av Sundsbarmreguleringa som produserar store mengder el-kraft.
Det var på 1600-talet at tømmerfløytinga starta i større omfang i Dala- og Morgedalsåi. Dei to vassdraga flyt saman ved Åmøtet i Lundevall, ca. 2,5 km vest for Kviteseidbyen, og renn ut ved Ågapet i Sundkilen. Tømmer frå Oftevatnet i Høydalsmo, frå Morgedalsheiane og frå Dalane blei fløyta ned hit og vidare ut i Kviteseidvatnet, seinare Telemarkskanalen. Til Oftevatnet kom tømmeret frå vatna i Øyfjell. Fløytinga var ein viktig del av næringa i øvre Telemark heilt fram til 1950-talet, noko mange fløytingsminne fortel om.
Kopi av Morgedalvassdraget på uteområdet framfor Norsk Skieventyr er ein spanande attraksjon i bygda. Den formidlar ein viktig del av bygdas historie via fysiske installasjonar. Mangfoldig bruk av vatn er i fokus. Vatn har i alle tider gjeve grunnlag til aktivitet og matauk. Vi ynskjer å formidle den tidlege bruken med tømmerfløyting, drift av sag og kvern og kva det betydde for busettinga.
mandag:
10:00-17:00
tirsdag:
10:00-17:00
onsdag:
10:00-17:00
torsdag:
10:00-17:00
fredag:
10:00-17:00
lørdag:
10:00-17:00
søndag:
10:00-17:00
Kilde: Vest Telemark
Vassparken i Morgedal