Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway

Velkomen til Kalven Seter og Noregs mest unike kaffebar!

  • Fjellvegen 1597, Lemonsjøen, Tessanden
  • 976 26 554, 917 64 937
  •  /  km From You
Overview

Vi har laga ein urban kaffebar i ei gammal seterstuggu.

Kalven Seter er ei gammal seter med 8 hus frå 1800-1900-talet. Setra ligg idyllisk til i sørenden av Lemonsjøen, like ved rv. 51, Valdresflyvegen, eit stutt steinkast frå Jotunheimen og eit litt lengre kast frå Rondane og Dovrefjell.

Kvar dag i sommar: Kaffebaren og energikampparken er open frå 11.00-16.30 frå 24. juni-20.august (vi har og ope i helgane utover hausten t.o.m veke 40, og heile veke 40).

I kaffebaren serverar vi nykverna og nytrakta svart kaffe, epressobaserte kaffedrikkar, iskaffe, te, iste, saft, vaffel, rømmebrød, sveler, knekkebrød, smoothie, is og kakao. Vi har sjenkeløyve.



Energikampparken: Gratis glede for store og små (2-100år). Energikampparken er ope kvar dag frå 24. juni-20. august i vår opningstid.
Såg du på tv-serien «Energikampen» på NRK? Vi har bygd opp ein energikamppark basert på tv-programmet, der du kan bruke energien din ved å boltre deg med morosame energikampapparat. Du kan og leike deg med hesteskokasting, melkespannhalding og kasting, dra tau, gå på styltrer og mykje anna moro.

Vi tilbyr hesteridning på faste dagar i juli (sjå nedanunder). Pris kr 75,- per barn per runde. Onsdagar, laurdagar og søndagar i juli! Frå onsdag 5. juli-søndag 30. juli,.

Tilbod på Kalven Seter, juli 2017:

Onsdag: Hesteridning for barn mellom 5-13 år. 12.00-15.00.

Torsdag og fredag: Massasje ved Unni Høiby frå bedrifta Skrotten (frå 13. juli-18. august). 11.00-16.00. Meir info om Unni Høiby og Skrotten: www.skrotten.com

Laurdag: Hesteridning for barn mellom 5-13 år. 12.00-15.00

Søndag: Hesteridning for barn mellom 5-13 år. 12.00-15.00.
Vi tek og imot grupper for omvisning på setra. Dersom ynskjeleg, skreddersyr vi opplegg med omvisning, aktivitetar og bespisning. Pris etter avtale.











  • Last Updated:
  • Source: Nasjonalparkriket Reiseliv AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad