Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

SØRBØVÅG

Vennetur til vestlandsbygda Sørbøvåg

Opplev den ekte og vakre vestlandsbygda Sørbøvåg og skap minner saman.

Inviter vennene dine til FjordKick og opplev den ekte vakre vestlandsbygda Sørbøvåg like nord for innløpet til den verdskjende Sognefjorden. Når kvalitetstid tel - her kan ein verkeleg kople av og nyte panoramautsikta over Åfjorden og majestetiske Lihesten.

BESTILL HER E-post: mail@fjordkick.no Tlf: + 47 97 96 22 30.

HØGDEPUNKT - Kvalitetstid og rekreasjon - Naturbaserte aktivitetar.

TURMOGLEGHEITER

Området er eit eldorado for turgåarar og naturinteresserte. Kva med ein topptur til Lihesten og Gygrekjeften  – landemerke og samlande symbol for Hyllestad. Eller nyt ein deileg lunsj ved dagsturhytta Sørefjordhytta – berre 20 minutt roleg gange.

AKTIVITETAR

Sørbøvåg er eit glimrande utgangspunkt for båt-turar, fiske, padling, dykking, sykling og vandring.

BESTILL HER

E-post: mail@fjordkick.no Tlf: + 47 97 96 22 30.

Last updated: 01/29/2024

Source: Visit FjordKysten

Vennetur til vestlandsbygda Sørbøvåg

Sider du nylig har besøkt