Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Sogndal

Vesterland Feriepark i Sogndal

Velkommen til Vesterland feriepark på Kaupanger, Sogndal har hytter, hotell, leiligheiter og camping. Vi har og badebasseng, leikeland, treningsstudio, squash og golfsimulator.

Vesterland ligg 7 km frå Sogndal sentrum mot Kaupanger og 15 minutt frå Sogndal lufthavn. Her finn du 107 hytter og leilegheiter og 12 hotellrom, alle med høg standard. I hovudbygget vårt finn du eit breidt utval av fasilitetar som Leikeland på 1550m2, innandørs basseng, golfsimulator, squashbane, treningsstudio og sykkelutleige.

Restauranten vår; Kafé Timber serverer eit breidt utval av norske og internasjonale rettar, basert på lokale tradisjonar og råvarer frå lokale produsentar.

Leiligheit med 1 soverom (Type A):

Me har 60 romslege leiligheiter i tradisjonelle trehytter. Kvar leiligheit har eit dobbelt soverom med ei dobbeltseng eller to enkle senger, bad med dusj og toalett, og kombinert stove og kjøkken. I stova er det ein sovesofa, så hytta passar for 2 - 4 personar. 

Hytte med 2 soverom (Type B):

Me har 46 tradisjonelle tømmerhytter. Hytta har to soverom, bad med toalett og dusj, og kombinert stove og kjøkken. Soverom 1 består av ei dobbeltseng eller to enkle senger. Soverom 2 har ei køyeseng. Det er i tillegg ein sovesofa i stova. 

Romantiske hytter:

Vesterland har 4 hytter spesielt utforma med tanke på dine mest minneverdige og romantiske høgdepunkt, til dømes bryllaupsreiser eller bryllaupsdagar. 

Hotell:

Me har 12 romslege og luksuriøse dobbeltrom med ekstra senger tilgjengeleg ved førespurnad. Alle romma er utstyrde med TV, kjøleskap og gratis WiFi. Alle romma har store, komfortable senger (220cm), boblebad og utandørs terrasse.

Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Vesterland Feriepark i Sogndal

Sider du nylig har besøkt