Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Tælavåg

Vestlandsforteljingar

  • +47 56327440
  •  /  km From You
Overview

Frå notbu til hytteparadis i Telavåg

Frå Nordsjøfartmuseet i Telavåg går turen i Nordsjøløypa til Selstøbuene. Dei er noko av det einaste som var att etter Telavågtragedien i 1942.

Selstøbuene ligg ytst ved havet. Dei vart tidlegare nytta som garnbuer i samband med fiske. Folk budde i desse buene både under og etter krigen.
På slutten av 1950-talet leigde byfolk staden i over 20 år.

Turen gjev innblikk i førkrigstid, terrorhandlinga i Telavåg i 1942 og etterkrigstida. Forteljinga føregår ute, og ein må gå 1 km. i terrenget for å koma til Selstøbuene. Terrenget kan vera vått.

Forteljinga kan tingast på engelsk.

For å få med deg ei forteljing, må du møta opp i god tid på staden. Der får du kjøpt ein billett hos forteljaren. Denne turen kan ein bestilla etter avtale heile året.

Oppmøte på Nordsjøfartmuseet i Telavåg. Rutebuss (450-459) frå Bergen.


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag
Click to activate
Sund, Norway
The latitude and longitude
60° 15' 14" N / 4° 59' 19" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad