Øvre Årdal

Vettisfossen Utsiktspunkt

  • Vettisfossen Utsiktspunkt
  • Vettisfossen Utsiktspunkt
  • Vettisfossen Utsiktspunkt
  • Vettisfossen Utsiktspunkt
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Send oss en epost

  • +47 97522139

  • Vettisfossen, Utladalen

    Årdal, Vestland

    Vis i kart

På kanten av Norges høgste, uregulerte fossefall, Vettisfossen i Årdal står ei ny utsiktsrampe. Den skal gi turfolk ein naturopplevelse av dei sjeldne.

Utsiktspunkt ved Vettisfossen i Utladalen

Sommaren 2023 opnar endeleg det nye utsiktspunktet over Vettisfossen i Utladalen. Utsiktspunktet er ei rampe i cortenstål, plassert med litt utkraging over fossejuvet for å sikra at besøkande får sjå heile fossen i alle si prakt frå toppen til botnen. Plasseringa er gjort med tanke på at dei besøkande ikkje skal trenga å ta seg over gjerdet og ut på kanten av juvet for å få den beste utsikta.

Rampen stikker ut over juvet der fossen styrter 275 meter ned i fritt fall.

Stien til og frå utsynspunktet er også lagt i terrenget for å sikra minst mogleg slitasje, og utsette område vil bli revegetert sommaren 2023. Me oppmodar alle om å følga merka sti, og ikkje gå utanom gjerdet.

Turen frå Årdal startar på parkeringa på Hjelle, der turen inn i Utladalen landskapsvernområde startar. Først vandrar ein på den flotte folkevegen til Vetti Gard i ca 5 km, før ein tek av til høgre for å følgja stien opp fjellsida til toppen av fossen. Ein kan rekna +/- 1 time på oppstiginga frå Vetti gard til utsiktspunktet.

Norges vakraste foss

Vettisfossen vart kåra til den vakraste fossen i Noreg for nokre år tilbake, og er den høgste uregulerte fossen i Nord-Europa, med eit fritt fall på 275 meter.

Kilde: Visit Sognefjord AS