Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Årdal

Vettisfossen

Med eit fritt fall på 275 meter er Vettisfossen det høgste verna fossefallet i Norge. Denne fossen, som har vore freda sidan 1924, kan du nå til fots i vakre Utladalen i Øvre Årdal.

I boka "Under Storen" kallar forfattar og fotograf Jan Schwarzott denne fossen for "dronninga"; "Vinn dronninga fyrst fram til deg, forlet ho aldri eit hjarta."

Du er i Vettismorki som går over i Utladalen. Det er i denne veldige naturen du også kan tenke deg at Sognefjorden har gått på land og pløyer seg med veldig kraft like inn i største fjellmassivet i landet, Jotunheimen. Rundt ligg eit halvt hundre fjelltoppar som er over 2000 meter over havet.

For å komme seg til vakre Utladalen så køyrer ein ca. 10 minutt frå Øvre Årdal til Hjelle, parkerer bilen på parkeringsplassen og følg folkevegen fram til Vetti. Derfrå sti fram til Vettisfossen med sine 275 meter fritt fall som er det høgste verna fossefallet i Norge. Dette er ein flott tur om lag 3-4 timar t/r der ein kan oppleva 4 fossefall på turen. For meir info: www.utladalen.no

Sesong: Mai - August

Tre spennande ting å gjera i området:

Opplev Jotunheimen med over 40 merka ruter. Jotunheimen Nasjonalpark  omfattar fjellmassivet Hurrungane, Fanaråken og Rauddals- og Mjølkedalstindane. 

Tindevegen mellom Øvre Årdal – Turtagrø knyter Årdal til vegen over Sognefjellet. Ein biltur med store naturopplevingar. 

Besøk eit av Norges største utebasseng, Friluftsbadet i Øvre Årdal. Her finn du barnebasseng, oppvarma basseng og sklier. 

Last updated: 03/05/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Vettisfossen

Sider du nylig har besøkt