Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Bremanger

Vetvika

Lenge var Vetvika ein hemmeligheit kun eit fåtall av folk i Bremanger viste om. I dag derimot, sprer ryktet seg fort om den hemmelige vika som er den «vakraste plassen på jord».

Den forblåste, vêrutsatte og veglause Vetvika blei heilt fråflytta i 1951. Sjølv om det var rikt fiske og plass til mange husdyr, så var det for tungvint å bu på ein plass der ein ofte var isolert frå omverda i 3 månedar på vinteren grunna stormar til havs, og snø på fjellet.

I Vetvika møter den kritkvite fine sandstranda det azurblå havet der bølgene rullar inn frå storhavet. Ein har grønne bakkar med spesielle planteførekomstar som dekker til sanddynene som strekker seg heilt opp til dei loddrette svarte klippeveggane som omkrinsar vika – eit vitne om dei voldsomme kreftene som er på ferde når vinterstormane slår inn frå vest.

I Vetvika går solnedgangen direkte ned i havet, og ein kveld her i telt, er eit minne for livet. Ein kan komme seg til Vetvika ved å gå over fin fjellsti i 3 timar frå Svarstad på Bremangerlandet.

Det finns ingen offentleg transport til Vetvika. Om du vil ta båt, må du ordne dette privat. Om du kjem sjøvegen, kan ein sjå innom holmen Veststeinen som ligger 2km utanfor vika. Her hekkar sjøfuglar som lundefuglar i hopetal, og det er ein stor bestand av selar som held til her. Veststeinen er freda, og det er ikkje lov å gå i land når det er hekketid. Har ein med brett, er det ofte gode tilhøve for å surfe i Vetvika.

Last updated: 03/26/2024

Source: Nordfjord

Vetvika

Sider du nylig har besøkt