Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Loen

Via Ferrata Loen

  • Loen Active, Stryn
  • +47 57875800
  •  /  km From You
Overview
Details

Møt veggen! Synest du dei bratte fjellsidene i Nordfjord er imponerande å sjå på? Imponer deg sjølv. Klyv til topps på Hoven! Å henge midt oppe i ei bratt fjellside, høgt over fjorden, er ikkje noko du gjer kvar dag. Ein skulle tru det var både strevsamt og farleg, men takka vere ein tilrettelagd klatresti mot toppen av Hoven (1010 meter over fjordspegelen), kan dei fleste klare Via Ferrata-løypa (“jernsti” på italiensk) i Loen. Guiden er med deg heile vegen, og med klatresele festa til solide virer, dett du ikkje ned. Og godt er det. For fallhøgda er like stor som utsikta.

Via Ferrata Loen er ein nybygd klatresti rett bak Hotel Alexandra. Klatrestien tek deg til majestetiske Hoven på 1011 moh, med eit fenomenalt utsyn mot Lodalen, Oldedalen, rett ned til Loen, Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen.

Ny hengebru, Gjølmunnebrua, den lengste i Europa

Den nye hengebrua over det 160 meter djupe jølet er 120 meter lang, og er den lengste Via Ferrata brua i Europa. Brua vart opna i august 2013. Turen over vil definitivt gje deg sommarfuglar i magen. Brua ligg på 750 m.o.h. For å kome dit må du klatre Via Ferrata ruta frå Loen.

Fakta Via Ferrata Loen:

Anleggsveg frå Alexandra marina til 170 m.o.h.

Sti i bratt terreng frå 170 m.o.h. til 440 m.o.h.

Gangtid sti: 1 til 1,5 time

Innsteg Via Ferrata 440 m.o.h.

Gjølmunnebrua 750 m.o.h.

Gjølmunnebrua (lengd) 120 m

Klatremeter 950 m

Wirelengde 850 m

Utgang Via Ferrata 880 - 900 m.o.h.

Høgd Hoven 1011 m.o.h.

All ferdsel i området skjer på eige ansvar.

Book guida tur gjennom Loen Active.

Pris 990,- p.p. inkl guide og sikringsutstyr (2017). Tillegg 60,- for transport tilbake til Loen sentrum frå Oppheim.


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord

Generelt

Aldersgrense
  • 12 år
Vanskelighetsgrad
  • Ekspert
Landskap
  • Fjellområde
Årstid
  • Høst
  • Vår
  • Sommer

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Klatring
  • Guidede turer
Sykling
  • Sykkelutleie
Fottur
  • Dagsturer (5-11 timer)

Aktiviteter

Aktiviteter
  • Klatring
Pris
NOK 970,- p.p. inkl. guide og sikringsutstyr.

Facts

Effort Level
Expert
Duration
5-12 hours
Lansdscape
Mountain area
Season
Summer
Click to activate
Stryn, Norway
The latitude and longitude
61° 52' 17" N / 6° 50' 48" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad