Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Hjelmeland

Vigatunet (Ryfylkemuseet)

  • +47 52792950
  •  /  km From You
Overview
Details

Vigatunet ligg langs vegen mellom Hjelmeland og Fister i Ryfylke. Heilt tilbake til 1500-talet kan vi følgje garden i skriftlege kjelder. Det er dessutan fleire gravhaugar på garden, og det er gjort funn frå vikingtida.

Slik det gamle tunet står nå vart det sjåande ut i 1821. Da var det utskifting på garden og tunet vart flytt. Det eldste huset er røykstova i hovudbygningen. Denne meiner ein å kunne tidfeste til 1600-åra. Den nye stova vart bygt i samband med flyttinga i 1821. Tømmeret i eldhuset fortel og om høg alder. I Vigatunet finn ein elles uthus med fjøs og løe, stabbur og den såkalla Sissela-stova som skal vera flytt til Vika frå Fevoll, og som i si tid gjorde teneste som skulestove og som gjestestove på garden. Det hører og kvernhus og turke til garden, og nede ved sjøen står eit naust.

Viga var eit av dei største gardsbruka i Hjelmeland, og dei hadde fleire tenestefolk. Tunet blei fråflytt i 1955 og overtatt som museumstun i 1970. Den tidlegare eigaren let ein vesentleg del av inventaret stå att i husa, slik at dei framstår i ei svært autentisk form.

I 1990 blei det opna ein frukthistorisk hage innafor dei gamle hagemurane i Viga. Her er planta ut over 100 tre, som representerer tradisjonelle eple-, pære- og plommesortar frå Ryfylke. Frukt- og bærdyrking har gjennom 200 år vore ein viktig del av landbruket i Hjelmeland, og er det ennå. Hagen er under utvikling, og meininga er å bygge opp eit miljø i Viga som både fortel historia om frukt- og bærdyrkinga og om dei folka og den livsstilen som er knytt til matproduksjon i dag.

For meir informasjon og opningstider, sjå www.ryfylkemuseet.no.

Vigatunet er oppført som kulturattraksjon i Ryfylke Multiguide - ein gratis app for smarttelefonar.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Generelt

Tilgjengelighet
  • Tilpasset bevegelseshemmede

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Strand

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Parkering
Click to activate
Hjelmeland, Norway
The latitude and longitude
59° 12' 34" N / 6° 6' 56" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad