Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Voss

Vikafjellsruta - ei vill og vakker ferd gjennom Stølsheimen

  • +47 40617700
  •  /  km From You
Overview
Details

Vikafjellruta går frå Vik i Sogn til Voss, og er ei merka turløype på om lag 76 km. Løypa går gjennom Stølsheimen, eit velkjent og populært turområde for fotturistar som strekkjer seg frå fjord til fjell opp i 1300 moh. Her er naturen variert med frodige lier og kupert fjellandskap med mange dalføre og fiskerike vatn. 

Vikafjellruta går frå Vik i Sogn til Voss, og er ei merka turløype på om lag 76 km. Løypa går gjennom Stølsheimen, eit velkjent og populært turområde for fotturistar som strekkjer seg frå fjord til fjell opp i 1300 moh. Her er naturen variert med frodige lier og kupert fjellandskap med mange dalføre og fiskerike vatn.


Store delar av Stølsheimen vart verna som landskapsvernområde i 1990, for å ta vare på eit særmerkt vestlandsk fjell– og fjordlandskap. Stølsheimen har fått namnet sitt grunna stort mangfald med over 40 stølar i området, som vitnar om ei tid der stølsdrift var ein viktig del av levebrødet til bøndene ved Sognefjorden. Ved nokre av dei kan du enno treffe buskap, og sau beitar i fjellet over det meste av området. Fleire av stølane er tekne godt vare på og her får du oppleve gammalt kulturlandskap. Løypa går også delvis på gamledriftevegen for fe gjennom Vestlandet.


Heile ruta er T–merka, og ein kan overnatte på DNT sine hytter undervegs. (Til Målsethytta må du han DNT–nøkkel)


Volahytta ligg på austsida av Volavatnet, på nordsida av osen der elva frå Piksvatnet/Borgavatnet renn ut. I hovudhuset er det eit stort opphaldsrom og to soverom. I tillegg er det ei sikringsbu. Til saman er her 14 køyer og hems, og rikeleg med ullteppe. Her er vedfyring, utstyr til å koke mat. Hytta har proviant.


Torvedalshytta ligg i trekanten mellom Engjalandsdalen, Myrkdalen og Eksingedalen. Til saman er her 16 køyer og hems, samt rikeleg med teppe. Her er vedfyring, utstyr til å koke mat. Her er og eit rikhaldig utval med proviant.


Målsethytta ligg ved Målsetvatnet på Vikafjellet. Her finn du 18 sengeplassar. Målsetvatnet er eit godt fiskevatn, men hugs å kjøpe fiskekort. Hytta har ikkje proviant. Distansen Torvedalen–Målset er om lag 28 km. NB! Hytta er låst så ta med DNT nøkkel! Herifrå kan du gå til riksveg ca 1,5 km eller velje å oppleve det flotte utsynet ned mot fjorden  og Vik.


Distansar:


Voss (Bavallen)–Volahytta, ca 16 km.


Volahytta–Torvedalshytta, ca 12 km.


Torvedalshytta–Målsethytta, ca 29 km


Målsethytta–Vik, ca 19 km.


 


Velkomen til ei oppleving i ville Stølsheimen!


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Utfordrende
  • Lett
  • Middels
Landskap
  • Fjordområde
  • Skogsområde
  • Fjellområde
Årstid
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Familievennlig

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Dagsturer (5-11 timer)
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)
Click to activate
Voss, Norway
The latitude and longitude
61° 5' 0" N / 6° 34' 35" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad