VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland STAD

Viking Warrior | Hamna Aktivitetssenter

  • Osvegen 10, Nordfjordeid
  • +47 41365547
  •  /  km From You
Overview

Ta barna og familien med på ei spennande klatrereise i Noregs einaste Vikingkrigar-rom. Hamna Aktivitetssenter har utforma eit unikt konsept basert på inspirasjon frå historie og naturen i Nordfjord.

Nordfjordeid er kjent for Myklebustskipet, og har no også det einaste Vikingkrigar klatrerommet i Norge. Dette er også eit av få innendørs aktiviteter for familiar som besøker Nordfjord.
I vikingrommet har vi samla «alt i ein fjord» der barna kan klatre på vikingskip i kamp mot Midgardsormen og klatre på fjell med isbre. Dei blir utfordra i ei hinderløype der elementa er laga av vikingsverd, økseblad, vikingskjold, tau og fiskegarn. Klarer du å springe opp bølga som slår mot Selje kloster eller sklir du ned igjen? Styrke, balanse og bevegelse blir utfordra og vi håper også at forelderen tar aktivt del i leiken til barna. Blir forelderen slitne kan dei ta seg ei pause medan barna går berserk mot Midgardsormen. Kaffe og drikke er å få kjøpt i resepsjonen.
Vi er opptatt av sikkerheit og derfor er klatresko eller innesko nødvendig. Du kan kjøpe klatresko til barn i klatrebutikken vår eller leige klatresko for kr. 50,- i resepsjonen dersom du ønsker det.

Barn som er medlem eller betaler drop-inn kan ha med seg en ledsager/barnevakt inn gratis inn i viking rommet. Det er veldig viktig at alle barn har med seg ein ledsager som passar på og sikrar at alt går trygt føre seg. For alles sikkerheit må alle (også barna) gjere seg kjende med "Trygt Barn Plakaten" som gjeld i barnerommet.

Aldersgrense: 3-12 år (ledsager av foreldre/foresatt må være med)

Opningstider:
Mandag - Fredag: 09.00-21.00
Lørdag og Søndag: 10.00-20.00
Merk at drop-inn prisene gir tilgang til heile Hamna Aktivitetssenter som har eige klatreavdeling for barn, buldrehall og fullverdig treningssenter med gruppetimar. Dersom foreldra ønsker å nytte fasitlistene utover barnepass av eigne barn må dei også betale drop-inn pris. I tillegg finnes det ein klatrebutikk og moglegheit for bursdagsfeiring for barna. Eigne regler og aldersgrense i buldreveggen og treningssenteret må følges for alles sikkerheit.



  • Last Updated:
  • Source: Nordfjord
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages