Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Førde

Vikingbyen Førde – aktivitetar for heile familien under VM

Gulatinget

Ta steget tusen år tilbake i tid – og opplev ekte vikingstemning midt i Førde! Her kan heile familien få kjenne på korleis livet var i vikingtida, med både leik, konkurranse og gode smakar.

I vikinglandsbyen finn du aktivitetar for store og små. Her kan dei mellom anna prøve seg på:

Øksekast og pil & bue

Tautrekking, stokkeløft og andre styrkekonkurransar

Kle deg ut i vikingkostyme og bli ein del av historia

Bli med på tokt i Bygstadskipet

Slapp av i Vikingspaet vårt.

Det vert servering av vikingmat frå bålet. Her kan du smake ekte vikingmat, med smakar som tek deg tilbake til vikingtida.

Det er gratis inngang til vikinglandsbyen

Opningstid 12.00 - 18.00 alle dagar under VM.


Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Vikingbyen Førde – aktivitetar for heile familien under VM

Sider du nylig har besøkt