Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Hardangervidda Vinje

Vinje biletgalleri

  • Smørklepp 92, Vinje
  • +47 35069090
  •  /  km From You
Overview

Midt i det telemarkske "målarlandskapet" finn du ei løynd perle av eit galleri, med ei stor samling måleri etter Henrik Sørensen og Harald Kihle.

Nær 40 somrar i grenda Smørklepp sette sitt preg på kunstnaren Henrik Sørensen.

Midt i dette "målarlandskapet" finn du eit særprega galleri i naturstein med ei stor samling av måleria til Sørensen. Galleriet er teikna av den kjente arkitekten Bjart Mohr.

Harald Kihle har og fått sin plass i galleriet. Sørensen og Kihle både arbeidde og budde mykje ilag i Smørklepp.


Henrik Sørensen (1882 - 1962)
Henrik Sørensen var ein kunstmålar som veksla mellom varme lyriske kvinneskildringar, religiøse bilete og dystre ekspresjonistiske krigsmåleri. Men framfor alt er han kjend for dei stemningsfulle naturskildringane frå Telemark. Han var elev av Matisse i perioden 1908 til 1910.

Henrik Sørensen utførde ei lang rekke offentlege dekorasjonar: Ullevål sjukehus, Linköping Domkirke, folkeforbundets palass i Geneve og Oslo Rådhus.

Harald Kihle (1905 - 1997)
Harald Kihle er ein kunstnar som har tydd mykje for øvre Telemark. Han har i sine skildringar av folkeliv og natur vist oss "Det løynde Telemark" og lært mange å setje pris på kunsten.

Han er mest kjend for å bruke hestar i bileta sine. I tillegg har han skildra mange kjende telemarkingar frå segn og soger så som Guro Heddelid, Myllarguten, Storegut og Torbjørg Ripilen.


Museet er ope i sommarsesongen.

Ta kontakt med Vest-Telemark Museum for gruppeomvising utanom sesong.

E-post: post@vtm.no

Tlf: 35069090


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark

Opening hours

24. juni 2018 – 15. aug. 2018
ti. on. to. fr. lø. sø. 11:00–17:00
See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad