Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Vinje

Vinjesenteret

bøkerFotoMariTveiti4_web
Vinje_Vinjesenteret-2
Barn-i-aktivitet_2-FotoLineOmlandEilevstjønn1_web
Barn-i-aktivitet-FotoLineOmlandEilevstjønn1_web
BarnVinjesenteret
Vinjesenteret_Høst_Line-Omland-Eilevstjønn_6
Vinje_Vinjesenteret-3
BarnVinjesentret1
bøker-på-bordet-FotoMariTveiti5_web
Vinje_statue-Vinjesenteret
FotoLineOmlandEilevstjønn_web

Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i journalisten og diktaren, Aasmund Olavsson Vinje.

Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i journalisten og diktaren, Aasmund Olavsson Vinje og diktarane Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas.

På senteret kan du bli kjend med dei fire store diktarane våre, lese utdrag frå bøker og journalistikk, sjå bilete, sitat og flotte digitale installasjonar. Du kan også spele spel om kjeldekritikk, leike i barneløypa og finne deg til rette i lesekarnappet med ei god bok.

Dikting

Innanfor diktinga legg dette senteret vekt på dei skjønnlitterære forteljingane, som kjem i mange former og frå mange stader. Dei dikta forteljingane kan forføre, forundre, forandre og forklare. Vinjesenteret syner fram noveller, romanar og andre forteljingar.

Journalistikk

Utstillinga tek utgangspunkt i den skrivne journalistikken i aviser og på nett. Vinjesenteret er det fyrste senteret som fortel om journalistikk allment, og tek for seg mellom ana fire pålar i norsk journalistikk.

Barneaktivitetar

På Vinjesenteret kan du møte på katten Lurivar, ein ordspion! Her får borna utdelt eit kart og kan jakte på ord gjennom utstillinga. I tillegg kan dei yngste prøve seg som avisredaktørar, navigere seg gjennom Glimmerdalen og avdekkje falske nyhende i dataspelet Mediaskogen.

Kaffeservering

Om du er i området, ta gjerne turen innom for ein kopp kaffi og ein hyggeleg prat. Det er enkel kaffeservering i museumsbutikken.

Litteraturdagene september 2025

Fra 25. - 28. september arrangeres litteraturdagene på Vinjesenteret.

Kilde: Telemarkreiser AL

Vinjesenteret

Sider du nylig har besøkt