Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Vinje

TripAdvisor rating of 4.5

2

Vinjestoga

I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende forfattaren Aasmund Olavsson Vinje.

I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende forfattaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje.

Vinje blei født 6. april 1818 i Vinje og døydde 30. juli 1870 på Gran i Hadeland. Han vaks opp på denne vesle plassen.

Framleis står mykje av interiøret att frå den tida då Aasmund og familien hans budde i Vinjestoga. Her er mellom anna seng, bord og stolar, samt bjølla som Lykle, mor til Blåmann truleg bruka. Noko har komme til i seinare tid, til dømes skrivepulten Aasmund bruka då han jobba i Justisdepartementet.

Andre gjenstandar er ei skreppe og ei kiste, samt eksemplar av ”Dølen” - Vinjes eige tidsskrift, samt diverse brev og skrifter.

Aasmund Olavson Vinje
Som liten skal Aasmund ha vore noko for seg sjølv. Han kunne parodiere presten i bygda, eller ha høgtlesing for slekt og vener. Leselysta var stor allereie då han var gut. Då han hadde lese Bibelen, Holberg, Petter Dass og Snorre, var det ikkje meir å finne i heimen. Då måtte han ty til presten, som kunne låne han bøker.

Då han var konfirmert, reiste Aasmund frå Vinje for å gå på skule. Han kom likevel attende fleire gonger. Ein periode var han også omgangsskulelærar i bygda.

Frå å vere ein fattig husmannsgut vart Aasmund Olavson Vinje ein av våre fremste diktarar. Han skreiv mellom anna ”Blåmann”, ”Du gamle mor”, ”Den dag kjem aldri”, ”Storegut”, ”Ved Rundarne”, ”Tyteberet” og ”Ferdaminne”.

Gjennom skrivinga bidrog Aasmund Olavson Vinje, saman med Ivar Aasen og Arne Gardborg, til å bygge opp nynorsken som eige skriftspråk.

1858 – 1870 gav han og ut sit eige frie og uavhengige blad – ”Dølen”, og har i ettertid vorte reikna som Noregs fyrste moderne journalist.

Åpningstider
Stoga er open for besøkande om sommaren, inngangsbillett med omvising kjøper ein på Vinjesenteret. Grupper kan tinge omvising heile året. Ta kontakt med Vinjesenteret for omvising utanom sesong. 

I Vinjestoga må ein ha med seg omvisar. Omvisingar ei gong i timen frå kl 11.30. 

Last updated: 01/02/2024

Source: Vest Telemark

Vinjestoga

Sider du nylig har besøkt