Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Aurland

Vinter Fjordsafari & Ægir Vikingplanke

Vinter Fjordsafari & Ægir Vikingplanke
Ægir BryggeriPub
Vinter Fjordsafari & Ægir Vikingplanke
Vinter Fjordsafari & Ægir Vikingplanke
Vinter Fjordsafari & Ægir Vikingplanke

Opplev det beste av natur og matkultur Flåm har å by på med denne flotte pakken som inkludera Vinter FjordSafari og eit besøk på Ægir BryggeriPub

Opplev den magiske norske fjorden om vinteren! Me brukar opne RIB båtar med maksimum 12 gjestar for å garantera deg ein personleg oppleving, og gi deg moglegheita til å koma tett på dei små snødekka bygdene og fryste fossane langs fjorden. Nyt den fantastiske naturen og historiene fortalt av din personlege guide. Ta med familie, kollegaer eller venner mens me tar dykk nærmare naturen og ser etter dyreliv.
På denne magiske Vinter FjordSafarien får du oppleva UNESCO verdsarvlista Aurlandsfjorden og halve Nærøyfjorden. Vendingspunktet vårt er Styvi, og på veg tilbake stoppar me i den sjarmerande bygda Undredal. Der finn me ein lokal vert som serverer noko varmt og drikke, og gir deg eit innblikk i livet i den vetle bygda som er kjent for geitost. . Om du finn din favorittost, har du også moglegheita til å kjøpa med deg ost før avgang.
Lengde: 2 timar 30 min
Sesong: November – Mars
Me forsørgjar med nødvendig utstyr for at du skal ha ein trygg og komfortabel tur på fjorden. Det inkluderer ei flytedrakt, redningsvest, lue, vottar og skibriller. Me ynskjer at alle kler seg varmt då temperaturen på fjorden er veldig låg på vinteren.
Fortsett kvelden med ein helaften på Ægir BryggeriPub. Her får du servert Ægir's Vikingplanke, ein 5- rettars øl- & matplanke som består av røykt rein, skalldyr, fisk og skalldyrsuppe, svineskanke og mørk sjokoladeganache kake. Planken vert servert med 5 unike typar Ægir-øl som komplimenterer dei ulike rettane.
Aldersgrense 18 år på grunn av alkoholservering. Alkoholfrie alternativer er tilgjengelig.

Kilde: Visit Sognefjord AS

Vinter Fjordsafari & Ægir Vikingplanke

Sider du nylig har besøkt