Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Flåm

VINTER-FJORDSAFARI & HEILAFTEN PÅ ÆGIR BRYGGERI & PUB

  • P.O. Box 68, Aurland
  • +47 57633323
  •  /  km From You
Overview
Details

Opplev det beste av natur og matkultur Flåm har å by på med denne flotte pakken!


Nyt det storslagne vinterlandskapet frå våre RIB-båtar når me tek turen ut Aurlandsfjorden og inn i verdsarvområdet Nærøyfjorden.


Undervegs stoppar me ulike stader, og våre kunnskapsrike guidar fortèl lokale historiar, samt gir deg eit unikt innsyn i bygdene og livet ved fjorden.


På vegen tilbake frå Nærøyfjorden går me i land på brygga i Undredal.


Bygda ligg idyllisk til nede ved fjorden, omringa av høge fjell. Me går opp i den vesle nærbutikken, og Leif Inge ynskjer oss velkomne med noko varmt å drikke og fortèl historiar frå bygda. Her kan du både få smaka og kjøpa med deg den prisberømte lokale geitosten.


 


Kvelden avsluttast med god stemning på Ægir Bryggeri & Pub. Nyt den gode peisvarmen og ein Ægir Vikingplanke—ein fem-rettars vikinginspirert øl– og matmeny! Her vert dei lokale matrettane skreddarsydd saman med det lokale ølet for at smakane skal vere perfekt.


Varigheit på Vinter FjordSafari er 2,5time Prisen for vaksne er 995,-


(18 års aldersgrense grunna alkoholservering)
(Barn kan kjøpe Vinterfjordsafari (kr. 490) og alternativ mat/drikke på Ægir)


Dagleg avgang kl 11:45 frå 1. nov. - 23. des og 27.des-29.des 2016
Dagleg avgang kl 11:45 frå 2. jan. - 31. mai 2017

NB! Oppmøte 20min før avgang- 11:25

Minimum 2 personar og maksimum 24 personar

Matservering Ægir 18:00-20:00


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Generelt

Landskap
  • Fjordområde

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Båtturer
  • Guidede turer
  • Guiding
  • Seiling
Fottur
  • Korte vandreturer (1-4 timer)
Click to activate
Aurland, Norway
The latitude and longitude
60° 51' 46" N / 7° 6' 56" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad