Flåm

Vinter FjordSafari

  • Vinter FjordSafari
  • Vinter FjordSafari
  • Vinter FjordSafari
  • Winter FjordSafari Flåm
  • Vinter FjordSafari
  • Vinter FjordSafari
  • Vinter FjordSafari
  • Vinter FjordSafari
  • Vinter FjordSafari
  • Vinter FjordSafari
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Besøk oss på Instagram

  • Send oss en epost

  • 57633323

  • Flåm Hamn

    Aurland, Vestland

    Vis i kart

Miljøsertifiserte reiseaktører

Miljøsertifisering av private og offentlige foretak, også turisme.

Opplev Aurlandsfjorden, Nærøyfjorden og den vesle bygda Undredal i sin flotte vinterdrakt med guida RIB tur med FjordSafari Norway AS.

Vinter FjordSafari i Flåm



RIB båt turen går frå Flåm og tek deg inn den imponerande Nærøyfjorden.



Undervegs vert det fleire stopp der guiden fortel om det rike dyrelivet i området, den særeigne naturen og kulturhistoria til dei små bygdene og gardane som passerar. Fossane har frose til is, fjorden er blank og snøen ligg som glasur på dei bratte fjella. Guiden snur ved Styvi og på vegen tilbake frå Nærøyfjorden går de i land i Undredal. Bygda ligg idyllisk til nede ved fjorden, omringa av høge fjell.



I Undredal går de opp i den vesle nærbutikken der de blir tekne imot av ein lokal vert som gir dere noko varmt å drikka og fortel om korleis det er å bu i denne vesle bygda. Undredal er kjent for sin gode geitost og her kan du både få smaka og kjøpa med deg den lokale geitosten.





Viktig informasjon



Bekledning og utstyr: Du får utdelt flytedrakter, luer, vottar, briller og overtrekk sko. Me gjer deg merksam på at du må kle deg godt med ull eller fleece og ha varme og komfortable sko på. Dersom du ikkje er godt nok kledd får du tilbodet om å låna ekstra bekledning for at du skal få ein god og komfortabel oppleving.



Anbefalt aldersgrense er 6 år.



Varigheit: 2,5 time



Sesong: November - Mars




  • Vinter
  • Guidede turer

Kilde: Visit Sognefjord AS