Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Flåm

Vinter FjordSafari

  • Postboks 68, Aurland
  • +47 57633323
  •  /  km From You
Overview
Details

VINTER FJORDSAFARI


Opplev Aurlandsfjorden, Nærøyfjorden og den vesle bygda Undredal om vinteren!


Turen går frå Flåm og tek deg inn den imponerande Nærøyfjorden. Undervegs vert det fleire stopp der guiden fortel om det rike dyrelivet i området, den særeigne naturen og kulturhistoria til dei små bygdene og gardane me passerer. Fossane har frose til is, fjorden er blank og snøen ligg som glasur på dei bratte fjella.


På vegen tilbake frå Nærøyfjorden går me i land på brygga i Undredal. Bygda ligg idyllisk til nede ved fjorden, omringa av høge fjell. Her bur det omlag 85 menneske og 450 geiter. I Undredal går me opp i den vesle nærbutikken der me blir me tekne imot av Leif Inge som gir oss noko varmt å drikka og fortel om korleis det er å bu i denne vesle bygda. Undredal er kjent for sin gode geitost og hjå Leif Inge kan du både få smaka og kjøpa med deg den lokale geitosten


Bekledning og utstyr: Du får utdelt flytedrakter, luer, vottar, briller og overtrekk sko. Me gjer deg merksam på at du må kle deg godt med ull eller fleece og ha varme og komfortable sko på. Dersom du ikkje er godt nok kledd får du tilbodet om å leiga ekstra bekledning for at du skal få ein god og komfortabel oppleving.


Varigheit: på Vinter FjordSafari er 2,5time


Pris:

vaksne er 690,- og 490,- for barn.


Avgonger: Dagleg avgang kl 11:45 frå 1. november 2016 til 31.mai 2017.


NB! Oppmøte 20min før avgang- 11:25


Minimum 2 personar og maksimum 24 personar


Booking på www.fjordsafari.com


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Generelt

Landskap
  • Fjordområde

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Båtturer
  • Guidede turer
  • Guiding
  • Seiling
Fottur
  • Korte vandreturer (1-4 timer)
Click to activate
Aurland, Norway
The latitude and longitude
60° 51' 40" N / 7° 6' 55" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad