Vintercruise til Geirangerfjorden frå Ålesund (Rundtur)









Bli med Geiranger Fjordservice på ein uforgløymeleg dagstur med båt til det vakre fjordlandskapet i verdsarvområdet Geirangerfjorden.
På denne båtturen kan du nyte mektig og fredfull nærkontakt med rein og barsk natur, eit landskap som til tider er dekt av snø og is, eller ein kan skimte fargane når våren kjem. Turen blir guida av ein Fjord Ranger frå verdsarvsenteret i Geiranger. Og du har 2 1/2 time i Geiranger med opplevingar.
Om båtturenTuren går med ein moderne fjordbåt ut frå dei smale sunda i jugendstilbyen Ålesund, og inn mot hjartet av UNESCO-området Geiranger. Medan du set komfortabelt i båten får du oppleve korleis stemninga skiftar etterkvart som landskapet forandrar seg. Frå det opne ved kysten til det dramatiske og meir mystiske lenger inne i fjorden. Båten køyrer forbi dei velkjende fossane Friaren og Dei sju Systre, og du vil her få anledning til å ta bilder.
AktivitetarI Geiranger blir du frakta med buss til det spektakulære utkikspunktet Flydalsjuvet, der du får anledning til å ta ikoniske bilete av fjorden og Geiranger. Det blir så eit besøk på Norsk Fjordsenter som er eit spennande besøks- og formidlingssenter for Vestnorsk Fjordlandskap og for Geirangerfjorden verdsarvområde. Den som vil kan så gå tilbake til båten etterpå, ned Fosseråsa (327 trappetrinn) langs den praktfulle elva.
Når går båten til Geiranger?Avreise fra Ålesund 10:00 (Ankomst Geiranger 13:30)
Avreise fra Geiranger 16:00 (Ankomst Ålesund 19:00)
November 2025 : 1, 4, 7, 9, 12, 15, 18, 20, 23, 26, 29
Desember 2025 : 1, 4, 7, 10, 12, 15, 18, 21, 23, 26, 29
Januar 2026 : 1, 3, 6, 9, 12, 14, 17, 20, 23, 25, 28, 31
Februar 2026 : 3, 6, 8, 11, 14, 16, 19, 22, 25, 27
Mars 2026 : 2, 6, 8, 10, 13, 16, 19, 21, 24, 27, 30
Kva er inkludert i vintercruiset til Geiranger?Båttur (rundtur) Ålesund - Geiranger - Ålesund
Enkel lunch/servering
Guiding med ein Fjord Ranger
Bussbillett til Flydalsjuvet
Inngang til Norsk Fjordsenter
Varm drikke og bakst
- Tilpasset bevegelseshemmede
Kilde: Ålesund & Sunnmøre
Vintercruise til Geirangerfjorden frå Ålesund (Rundtur)