Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Voss

Voss Folkemuseum

  • Mølstervegen 143, Voss
  • +47 47479794
  •  /  km From You
Overview
Details

Voss folkemuseum er eit friluftsmuseum, og eit regionmuseum for Voss og nabobygdene.

Voss folkemuseum er eit friluftsmuseum, og eit regionmuseum for Voss og nabobygdene. Museet har tre gardstun, som alle står på sine opphavlege plassar – Mølstertunet, Nesheimstunet og Oppheim gamle prestegard. I alt eig museet om lag 40 antikvariske bygningar. På Mølster ligg òg samlingsbygget, med faste og skiftande utstillingar. Dagestadmuseet, som ligg på andre sida av Vossevangen, viser arbeid av treskjeraren Magnus Dagestad.

Voss folkemuseum vart skipa i 1917, og har sidan 2008 vore ein del av Hardanger og Voss museum.

Mølstertunet

Mølstertunet vart freda i 1923, og vart offisielt opna som museum i 1928. Tunet gjev oss eit godt innblikk i den lokale byggeskikken, og fortel mykje om korleis folk levde i eldre tider. Garden har i fleire hundre år vore delt mellom to brukarar. To familiar dreiv gard i det same tunet, og her er i alt 18 hus. Det eldste huset på tunet er truleg frå tidleg 1500-tal, dei yngste frå 1870-åra.

Omvising

I sommarsesongen er det omvising på tunet kvar heile time. Tre dagar i veka kan du få omvisningar om særskilte tema som baking, ølbrygging eller byggjemåter. Borna kan byggja modellhus, kle seg ut i gamle klede og leike gamaldagse leikar.

Konsertar er kvar tysdag i heile juli. 

For grupper kan omvising avtalast på telefon 474 79 794 eller epost voss.folkemuseum@hvm.museum.no. 

Samlingsbygget

I samlingsbygget på Mølster er der ei omfattande basisutstilling, og kvart år vert det òg vist mindre temautstillingar. Her er i tillegg kontor, bibliotek, verkstad og magasin for foto og gjenstandar. Bygget er teikna av arkitekt Dag Mossige, og opna for publikum i 1985.

Samlingar

Voss folkemuseum har i overkant av 20 000 gjenstandar. Det aller meste av dette er gjenstandar knytt til den lokale bondekulturen, slik han var fram til rundt 1900. Til samlingane høyrer òg eit innhaldsrikt bibliotek, fleire lokale arkiv, og rundt 70 000 fotografi.

Omvising

I sommarsesongen er det omvising på tunet kvar heile time. For grupper kan omvising avtalast på telefon 474 79 794 eller epost voss.folkemuseum@hvm.museum.no. 


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS

Generelt

Årstid
  • Hele året

Opening hours

1. jun 2018 – 31. aug 2018
Daily: 10:00–17:00
See All

Price

Description Price*
Voksen 90,00 Billetter
Grupper Min 15. pers. 80,00 Billetter
Student 55,00 Billetter
* Price from

Facts

Season
All Year
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad